Vestnes Varfjell sikra seg alle tre poenga då laget slo Eidsvåg 5-4 på bortebane fredag kveld Elling Olafsen (3, eitt straffespark), Svein Erik Lange Male (straffe) og Magnus Nerheim var målskårarar. Laget var i leiinga 3-1 ved halvtid etter tre mål på like mange minutt midtvegs i første omgang. Heimelaget hadde mykje av spelet, men det hindra ikkje Vestnes Varfjell å auke til 5-3 i andre omgang, der det siste målet kom på straffespark der heimelagets keeper vart utvist. Dommaren gav først frispark til Eidsvåg, men gjorde om etter å ha snakka med assistentdommaren. Heimelaget reduserte med ein mann mindre og pressa på slutten, men Vestnes Varfjell reid det av i seks spennande overtidsminutt. - Ein herleg seier etter ein solid laginnsats. Resultatet er ekstra sterkt med tanke på at me hadde veldig mange forfall før denne kampen, sa trenar Knut Øyvind Hoem etter kampen. Eidsvåg om kampen | Driva om kampen
Eidsvåg, som slo Surnadal 4-0 på same bane sist, tok leiinga oppskriftsmessing, men kampen jamna seg ut. Etter kvart skjønte Vestnes Varfjell at det var mogleg å komme på talefot og etter tre effektive minutt midtvegs i omgangen var laget i leiinga 3-1. Først felte keeper Magnus Nerheim på veg
inn i feltet. Straffesparket var klart for alle og Svein Erik Lange Male sette ballen sikkert til side for keeper. Så var Magnus Nerheim igjen igjennom og kriga ballen forbi keeper til 2-1. Eidsvåg rakk knapt å sette spelet igang att før Elling Olafsen skaut over målvakta til 3-1.
Dette opplevdest nok brutalt for heimelaget som hadde hatt dei fleste og største sjansane til då, men skotforsøka gjekk anten over eller utanfor. På siste ballberøring, på overtid i første omgang, fekk laget likevel kontakt i målprotokollen då Magnus Oltedal fekk heade i mål å ein corner.
Dermed skulle det meste ligge til rette for stort Eidsvåg-press etter pause, men i staden var det Vestnes Varfjell som hadde dei første store sjansane. Først eit skot like utanfor frå Sivert Nerheim, så eit frispark frå broder Magnus Nerheim som gjekk forbi alle og like til side for stolpen.
Tolv minutt var spelt av andre omgang då Vestnes Varfjell tok heimelaget på senga. Eit langt innkast frå Ole Håkon Lien traff Elling Olafsen som sette ballen i mål. Like etter hadde Yngve Solevågseide ein stor sjanse då han vart spelt igjennom av Sivert Nerheim.
I andre enden måtte målvakt Adrian Gabrielsen dra fram ei praktredning for å hindre mål etter 24 minutt. Eidsvåg spelte seg fram til ei rekke cornerar og nesten kvar gong vart det farleg. Kvarteret før slutt kom reduseringa frå bakre stolpe på eit slikt hjørnespark.
Eidsvåg sendte mykje folk framover, noko som gav rom for Vestnes Varfjell på kontringar. 78 minutt var spelt då Elling Olafsen kom aleine med keeper og begge gjekk i bakken. Dommaren gav først gult kort til Olafsen og frispark til Eidsvåg, men assistentdommar Arild Ødegård vinka han til seg og forklarte korleis han og mange andre såg situasjonen, nemleg av Olafsen var først på ballen. Dermed straffespark og raudt kort til målvakta. Olafsen sette sjølv inn straffesparket. Utespelar Eirik Ranheim tok over hanskane, men kunne ikkje hindre at Vestnes Varfjell gjekk opp til 5-3.
No trudde nok dei fleste at det ville gå mot bortseier, men Eidsvåg sterkt tilbake. Reduseringa kom på eit skot under keeper berre to minutt etter straffedramaet. Eidsvåg pressa på med ein mann mindre, men Varfjell-forsvaret anført av Nirut Mjøs og Ørjan Tangen heldt unna. Også Svein Erik Lange Male og Yngve Solevågseide, denne gongen i midtbaneposisjon framom midtforsvaret, gjorde manns jobb i kritiske situasjonar. Dommaren la til heile seks minutt, men Eidsvåg kom ikkje nærere utlikning enn eit frispark dei sette langt over.
Dermed var det berre å sleppe jubelen laus. Ein skikkeleg lagseier, der tremålsskårar Olafsen og brødrene Nerheim var best framover. Nemnast må også back Ole Håkon Lien som spelte sin beste kamp i Varfjell-trøya.
Vestnes Varfjell har alt gjort unna kampen mot Elnesvågen, slik at siste kamp før ferien blir bortmøtet med Åndalsnes. Denne er for øvrig flytta til onsdag 1. juli etter ønske frå ÅIF.
Kampfakta:
Eidsvåg - Vestnes Varfjell 4-5 (1-3)
Fredag 19. juni 2015 kl 19
Seriekamp 4. divisjon Nordmøre/Romsdal
Eidsvåg stadion (kunstgras), 60 tilskuarar
Mål:
1-0 (15) Tore Klokseth
1-1 (28) Svein Erik Lange Male, straffespark
1-2 (29) Magnus Nerheim
1-3 (30) Elling Olafsen
2-3 (45) Magnus Oltedal
2-4 (57) Olafsen
3-4 (75) Thomas Aarnes
3-5 (80) Olafsen, straffespark
4-5 (82) Vegard Opstad
Dommar: Stig Morgen Gjørsvik, Surnadal
Raudt kort: Eystein Meese, Eidsvåg (78)
Gult kort: Elling Olafsen (77?) og Magnus Nerheim (90 +4), Vestnes Varfjell, Arnt Erik Brakstad, Eidsvåg (90)
Vestnes Varfjell (4-5-1): Adrian Gabrielsen; Ole Håkon Heen Lien, Ørjan Tangen, Nirut Mjøs, Adrian Liabø (Jørgen Hovde 67.) - Azim Ahmadi, Svein Erik Lange Male, Yngve Solevågseide, Sivert Nerheim, Magnus Nerheim - Elling Olafsen