Vestnes Varfjell spelar siste kamp for vårsesogen når laget onsdag kveld tek turen til Åndalsnes. Kampen skulle eigentleg vore spelt sist laurdag, men vart flytta etter ønske frå hemelaget. ÅIF ligg heilt sist med det eine poenget dei tok i heimekampen mot Frei. Det unge laget har hengt godt med i mange kampar og vil nok gje alt for å sikre årets første seier i dette lokalderbyet. Vestnes Varfjell, på si side, kjem frå ein overraskande borteseier mot Eidsvåg og håper halde fram i same trend.  ÅIF vann 4-0 i tilsvarande oppgjer i fjor. Oversikt over tidlegare oppgjer finn du her. Utviklinga i kveldens kamp kan du følge på Twitter.