Ferien er over. I kveld startar jakta på nye poeng. Med berre eitt einsleg poeng på heile vårsesongen står Vestnes Varfjell framom ei stor oppgåve om plassen i 4. divisjon skal bergast. Truleg må minst to lag passerast, og opp til Tingvoll (2 poeng) og Åndalsnes (6 poeng) er avstanden enno innan rekkevidde. Tomrefjord borte er første hinder. Vestnes Varfjell har 0-7-tapet frå vårkampen å revansjere, første serietap for naboen sidan 1990. Trenar Alexander Connor seie til Bygdebladet at ein revansj hadde smakt, men at det ikkje blir lett. -  håper å ha retta på ein del ting i løpet av sommaren, og har også fått gode forsterkningar i Vegar Skare og Justin Sætre, seier Connor til avisa. Tomrefjord-trenar Gunnar Eik trur og håpar på ein jamnare kamp enno vår. - Sjølv om Vestnes Varfjell treng alle poeng dei kan få, skal dei ikkje få det lett, lovar han. Tomrefjord slo dåverande serieleiar Sunndal rett før ferien og finpussa forma med å slå leiarlaget på Sunnmøre, Langevåg, heile 6-1 på bortebane sist helg.