Vegar Skare har skrive under på ei toårskontrakt med 3.-divisjonsklubben Brattvåg. Den 22 år gamle midtbanespelaren har vore ein sentral spelar for Vestnes Varfjell dei siste sesongane etter at han returnerte heim frå spel i Måndalen. Han var også på ønskelista til Åndalsnes, men vel no altså å satse vidare for ambisiøse Brattvåg som vart nummer to i 3. divisjon denne sesongen. "Trener Gidlund er særs nøgd og seiar i ein kommentar at det er en god spelar med god teknikk og speleforståelse og han ser fram til å jobbe med Vegar dei neste åra", skriv Brattvåg på sine nettsider. Me ønskjer Vegar lykke til og velkommen tilbake når den tid kjem.