Molde banka Rosenborg 4-2 i cupfinalen og me gratulerer med tittelen Norgesmester 2013! Mange vestnesingar var med og sette sitt preg på tribunene og i festen før og etter kampen. Tidlegare Vestnes Varfjell-spiss Bernt Hulsker deltok på litterært vorspiel, medan me i dagens rb kan lese om fylkesmann Lodve Solholm som blir presentert som tidlegare Varfjell-målvakt med tre kretskampar. Kampen søndag avslutta ei flott fotballveke med landskamp i Molde tirsdag mot Skottland med vestnesingar i begge leirar og eit godt synleg norsk flagg med Vestnes Varfjell-påskrift!