Vestnes Varfjell slo Elnesvågen 4-1 i ein utsett kamp i 4. divisjon måndag kveld. Stillinga ved pause var 1-1 etter at Ørjan Tangen gav heimelaget leiinga då han heada i mål etter ein corner (sjå video i VarfjellTV). Kristian Benjaminsen utlika etter eit fint framspel (sjå video). Etter kvilen auka Azim Ahmadi til 2-1 då han snudde ein corner i mål for andre gong i år (sjå video), sist var mot Eidsvåg.  Sivert Nerheim sette inn 3-1 frå kloss hald (sjå video), før Ahmadi vart tomålsskårar då Amund Stavem la til rette etter at han sjølv først trefte keeper (sjå video). Heimelaget var hakket betre og vann fortent. Magnus Nerheim fekk bestemannsprisen. Vestnes Varfjell måtte ha eitt poeng på dei tre siste kampane for å vere heilt sikker på å unngå den utsette 9.-plassen som kan gje kvalifisering. Derfor var det godt å avgjere alt i dag, sidan dei to neste kampane kjem tett. Alt onsdag blir den utsette kampen mot Åndalsnes spelt, og fredag er det serieavslutning mot KFK. Begge kampane går heime i Vestnes idrettspark. Foto og video: Asbjørn Vik

 

Kampfakta:

Vestnes Varfjell - Elnesvågen 4-1 (1-1)

Seriekamp 4. divisjon Nordmøre/Romsdal

Måndag 6. oktober 2014 kl 19

Vestnes idrettspark, 50 tilskuarar

Mål:

1-0 (8) Ørjan Tangen

1-1 (25) Kristian Benjaminsen

2-1 (50) Azim Ahmadi

3-2 (53) Sivert Nerheim

4-1 (76) Ahmadi

Dommar: Ingvild Langnes Aarland, Malmefjorden

Vestnes Varfjell: Adrian Gabrielsen; Adrian Liabø (Kevin Gravdehaug), Thomas André Brastad, Svein Erik Lange Male, Ørjan Tangen - Yngve Solevågseide (Jørgen Hovde), Nirut Mjøs, Sivert Nerheim Magnus Nerheim, Amund Stavem (Elling Olafsen), Azim Ahmadi (Karl-Edvard Bredeli)