Ny dag, ny kamp. I kveld gjestar Elensvågen Vestnes idrettspark. Dette er kampen som vart utsett grunna stormen for to veker sidan. Vestnes Varfjell tapte heile 0-7 i bortemøtet. Elnesvågen trekte laget frivillig frå 3. divisjon i vinter. Sist gong dei gjesta Vestnes var 2-2-oppgjeret i 3. divisjon i 2009. Oversikt over tidlegare kampar. Husk også kampane mot Åndalsnes onsdag og seriemeister KFK fredag. Alle har avspark klokka 19. Møt i det flotte haustveret opp og støtt heimelaget i kampen om poeng. Laget treng framleis eitt poeng for å vere sikra spel i 4. divisjon også neste sesong. KAMPFAKTA