Realisering av nytt klubbhus er jobb nummer ein årsmøtet i Vestnes Varfjell IL. - Fotballen i Vestnes skrik etter nytt klubbhus, seier attvald leiar Joar Kirkeslett til Bygdebladet. No ventar laget på kommunal godkjenning av eit bygg i to etasjar og totalt 390 kvadratmeter og med overbygd tribune i framkant. Laget har sett av pengar over fleire år, men treng støtte frå næringslivet for å får dette til. Det gamle klubbhuset er over 50 år og har kummerlege garderobetilhøve. Rekneskapen viser 392.000 kroner i overskot, eigenkapitalen er på 2,8 millionar kroner. I styret for Kirkeslett med seg Knut Øyvind Hoem (fotball), Alexander Connor (barnefotball), Audun Karlstrøm (sykkel), Helge Mogstad (handball), Anne Lie Ulvestad (handball) og Mari N Karasdash (ny, kampsport).