Vestnes Varfjell IL avvikla sitt årsmøtet på Smiå onsdag. Der vart det vedtatt å arbeide vidare med ein kombinert trenings- og fleirbrukshall. Kai Magne Stokkeland tok attval som leiar. Det vart også vedtatt å opprette ei eiga gruppe for ungdomsfotballen.
Hallplanane blir no sendt vidare til idrettsrådet i kommunen. Det er to alternative plasseringar for hallen: På vestsida av Vestnes idrettspark eller på grusbana ved Vestneshallen. Klubbleiar Kai Magne Stokkeland seier til varfjell.no at dei er invitert til møte med kommunen over påske.
Kjetil Presthus blir leiar for den nye gruppa for ungdomsfotball, som skal avlaste fotballeiar Geir Åge Sylte. Helge Kjørvik blir ny leiar for barneidrettsgruppa etter Ingvar Eidsvik. Resten av styret held fram: Ottar Orvik (anlegg), Marianne Sæter (administrasjon/sekretær) og Joar Kirkeslett (handball).
Økonomien i klubben er framleis god, sjølv om automatinntektene gjekk noko ned i fjor. Desse inntektene forsvinn frå sommaren av, og den største økonomiske utfordringa framover blir å erstatte desse, seier Stokkeland.
Oppmøtet på årsmøtet var rekordlavt, med berre eit par frammøtte utanom styret. Det vart delt ut blomster (bildet) til Odd Jarle Talberg (bilagsansvarleg i ei årrekke), Marianne Sæter (klubbadministrasjonen) og Audun Lunde Grebstad (valkomiteen). (Foto: Kai Magne Stokkeland)