Også i år kan Vestnes Varfjell takka Kjell Inge Røkke som gjennom Prosjekt tilhørighet er klubbens største enkeltsponsor. 226.535 kroner får Vestnes Varfjell utbetalt, det er desidert mest av laga i Vestnes kommune. Totalt delte Røkke og kona ut 11,7 millionar kroner til lokale lag og foreningar. Ordninga er enkel og genial: Den som kjøper sesongkort til MFK-kampane på Aker stadion kan velge ein mottakar til same sum som sesongkortet kostar. - Det er kjærkomne pengar som bidreg til ein sunn klubbøkonomi, seier Vestnes Varfjell-leiar Knut Øyvind Hoem til Bygdebladet. Kjøp sesongkort til deg sjølv eller gje eit i julegåve! Husk berre å registrere Vestnes Varfjell som mottakar. Les meir på MFK-sidene.
Røkke-nissen kom med kvart million
- Detaljer
- Skrevet av: nettredaksjonen
- Kategori: Nyheter