Tommy Kanishi Andreassen skreiv i dag under for Brattvåg. Dermed følgjer han lagkamerat Vegar Skare over til 3.-divisjonsklubben på Sunnmøre. Kanishi har vore klubben sin toppskårar og mest framtredande spelar i mange år no, og det har vel ligge i korta at han ville prøve seg andre stader etter at det ikkje vart opprykk. Han har tidlegare prøvespelt for 2.-divisjonsklubben Træff, men vel no spel for Brattvåg som satsar stort og har som uttalt mål å rykke opp i 2. divisjon. Me ønskjer Kanishi lukke til i sin nye klubb, og reknar med at han returnerer til klubben i sitt hjarte når den tid kjem. Vestnes Varfjell-trenar Alexander Connor beklagar sjølvsagt å miste to av sine beste spelarar, men har trur på at laget skal stille eit sterkt mannskap også komande sesong. Resten av stallen ser ut til å vere intakt og det blir arbeidd med å få på plass nye spelarar. Meir om dette seinere.