Sunndal-Vestnes Varfjell 4-3 (1-1): Vestnes Varfjell var nærme eit sterkt bortepoeng mot topplaget Sunndal laurdag, men ei overtidsskåring på heading etter corner øydela. Det sto 1-1 ved pause etter at Amund Stavem hadde utlikna heimelagets tidlege skåring. Vestnes Varfjell tok leiinga 2-1 tidleg i andre omgang ved Ole Håkon Lien, men Sunndal snudde kampen med to kjappe mål midvegs i omgangen. Vestnes Varfjell utlikna så til 3-3 ved Elling Olafsen før Sunndal sikra seg vinnarmålet i siste minut. - Det var surt å stå att heilt utan poeng etter ein jamnspelt kamp, men samtidig er eg fornøgd med innsats og lagmoral. Me hadde berre 12 mann i troppen meg sjølv inkludert, sa trenar Knut Øyvind Hoem til varfjell.no etter kampen. Aura Avis om kampen | Tidens Krav om kampen
Kampen starta på verst tenkeleg vis for Vestnes Varfjell. Sunndal gjekk nemleg rett i angrep frå avspark og sette inn 1-0 etter eitt minutt. Vestnes Varfjell kom seg etter opningssjokket og Amund Stavem utlikna etter at han tok ned ein crossball og sette ballen hardt forbi keeper. 1-1 sto seg til pause. I andre omgang var det Vestnes Varfjell sin tur til å skåre først. Eit frispark vart slått inn i feltet der Ole Håkon Lien til slutt fekk ballen over streken etter litt "klabb og babb".
Sunndal kom tilbake og snudde kampen med to skåringar på tre minutt. Det første kom etter eit angrep som vart rulla opp på sida og der ballen vart lagt 45 grader tilbake til ein Sunndal-spelar som sette ballen i mål. 3-2 kom etter at Sunndal snappa ballen og slo igjennom i midten. - Der skulle Yngve hatt frispark i forkant, meiner Knut Øyvind Hoem.
Vestnes Varfjell gav likevel ikkje opp og laga var igjen like langt då Elling Olafsen vart spelt igjennom av Yngve Solevågseide og sette ballen forbi keeper til 3-3. Det sto seg heilt til kampens siste minutt då heimelaget tok seieren etter å ha stanga ballen i mål corner etter markeringsfeil frå Vestnes Varfjell.
- Det var omtrent siste spark på ballen, så det var ekstra bittert. Sunndak-trenaren meinte også at me hadde fortent poeng. Elling hadde ein stor sjanse på stillinga 3-3, men heada rett på keeper frå god posisjon, seier Hoem.
No ventar to heimekampar, mot Eidsvåg og Åndalsnes.
- Då skal me ha fleire spelarar tilgjengjegeleg, seier trenaren.
Kampfakta:
Sunndal - Vestnes Vafjell 4-3 (1-1)
Seriekamp 4. divisjon Nordmøre/Romsdal
Laurdag 26. september 2015 kl 15
Sande stadion, 40 tilskuarar
Mål:
1-0 (1) Erik Rotlid
1-1 (4) Amund Stavem
1-2 (51) Ole Håkon Lien
2-2 (62) Eivind Lervik
2-3 (64) Christian Danielsen
3-3 (72) Elling Olafsen
4-3 (90) Brage Hauglann-Talgø
Dommar: Gøran Settemsdal, Bøfjord
Gult kort: Ole Håkon Lien, Vestnes Varfjell (60), Ola Ruud Ramsli (70) og Torgeir Ruud Ramsli (89), Sunndal
Laget mot Sunndal: Adrian Gabrielsen; Karl-Edvard Bredeli, Svein Erik Lange Male, Ole Håkon Lien, Preben Hovde - Amund Stavem, Sivert Nerheim, Yngve Solevågseide (Knut Øyvind Hoem 77.), Magnus Nerheim, Juan Larsen - Elling Olafsen