Vestnes Varfjell G14 er kretsmeister i 9-arserien for andre år på rad! KM-gullet var sikra etter seier 11-2 borte mot Eide onsdag kveld. Stillinga ved pause var 6-1. Utfordrar Elnesvågen vann også sin kamp, 7-2 heime mot Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen. Begge lag endte på 24 poeng i sluttspelet i 1. divisjon, men Vestnes Varfjell hadde åtte mål betre målforskjell. - Me har vore det suverent beste laget i serien, og vinn forent. No satsar same laget vidare på G16 neste år. Her kjem det opp mange gode A-lagsspelarar om kort tid, seier trenar Alexander Connor til varjell.no. Lagte tapte 3-4 i siste sekund heime mot Måndalen sist, noko som gav spenning før siste serierunde. - Tapet mot Måndalen var eit arbeidsuhell og det andre tapet for dette laget på dei tre siste åra. I kveld heva me oss, slik at meisterskapen vart sikra, seier trenar Connor. Sluttabell G14 9-ar 1. divisjon.