{seyretpic id=1347 align=right}Vestnes Varfjell 2 slo Tomrefjord 1-0 i 5. divisjon laurdag. Ronny Leikarnes skåra det einaste målet, det første Tomrefjord har slept inn i årets serie. Bernt Hulsker sto for framspelet i sin comeback-kamp i Vestnes Varfjell-trøya (video). Sjå intervju med Hulsker i VarfjellTV. I overkant av 200 tilskuarar fekk sjå ein spennande kamp der heimelaget hadde flest og størst sjansar, medan Tomrefjord dominerte i banespelet den siste timen.
Hulsker innrømte etter kampen at han nok ikkje er i si beste form, men at han no har tenkt å trene litt før neste kamp. Det er mot Fiksdal/Rekdal og gamletrenar Kjetil Rekdal på bortebane om to veker.
- Den kampen hadde det vore artig å spele, så får me sjå kor mange kampar eg får med meg framover, seier Hulsker.
Han var nære skåring på to gode headingar tidleg i kampen, den første vart hindra nettkjenning etter eit tigersprang av Tomrefjord-målvakta. Også heilt mot slutten var Hulsker nære då han var på bakre stolpe etter ei heading på corner, men ballen gjekk utanfor.
Hulsker spelte fra start i drakt nummer 10, men tok ein pause etter 37 minutt for så å komme innpå att det siste kvarteret. Han meinte seg også snytt for straffespark i første omgang, medan det "obligatoriske" gule kortet kom etter ein sein takling.
Kampen vart filma av ein kollega på tv-kanalen Max, der Hulsker er reporter.
Til VarfjellTV legg han til at det var artig å spele lokaloppgjeret mot Tomrefjord. Han var også raus med rosen til motstandaren, eit ungt lag med stor løpskapasitet.
For sjølv etter at Jørgen Gravdehaug vart utvist tidleg i andre omgang etter at han kasta ballen etter Bjørn-Vegard Løvik, dominerte gjestane banespelet.
I talet på store sjansar var heimelaget likevel i klar føring, ikkje minst tidleg i kampen. Då dominerte laget også i banespelet, anført av Tarjei Rypdal Eide. I andre omgang, etter kvart som kreftene forsvann, var det berre snakk om å sikre seieren.
Laget: Reistad; Valde, Lange Male, Løvik, Smith - Brennvik, Mjøs, Rypdal Eide - Vikås, Hulsker, Leikarnes. Inn: Eik, Connor, Skjegstad, Schulze