Image
Laurdag er Bernt Hulsker tilbake i Vestnes Varfjell-trøya for gong sidan 1998 . Spissen spelar frå start når Vestnes Varfjell 2 møter Tomrefjord til lokaloppgjer i 5. divisjon. Kampstart i Vestnes idrettspark er kl 15. TV-kanalen Max, som Hulsker jobbar for, skal filme. FØLG KAMPEN VIA TWITTER - Dette blir ein artig kamp som mange bør få med seg. Me stiller ein brei og sterk tropp, seier spelande trenar Bjørn-Vegard Løvik til varfjell.no og held fram:


- Tomrefjord har vunne alle sine kampar og ikkje slept inn mål. Dermed er dei store favorittar, men me har lyst til å slå dei. Eg blir i alle fall skuffa om me ikkje blir dei første til å skåre på dei, seier Løvik.



A-laget hadde omtrent eit heilt lag på benken torsdag, og mange av desse blir med for å få kamptrening laurdag.

- Det er slik laget vårt er organisert. Reservene på A-laget blir prioritert, deretter kjem reine B-spelarar. Slik er det i alle kampar, så det er ikkje snakk om noko topping av laget til denne kampen. Men, det er klart, det er nok fleire enn vanleg som prioriterer denne kampen, seier Løvik.

Bernt Hulsker er nok ikkje i si beste kampform, men veit kor målet står. Bli derfor ikkje overraska om det blir nettkjenning også laurdag. Det er uvisst kort mykje spissen blir med framover, men bortekampen mot Fiksdal/Rekdal og Kjetil Rekdal er ein kamp han ønskjer å spele.

Tomrefjord stiller med tidlegare Vestnes Varfjell-spelarar Thomas Andre Brastad og Jørgen Gravdehaug som dei mest erfarne spelarane saman med ein gjeng unggutar.