Ottar Orvik på kretstinget (Foto: Kaims)
Ottar Orvik
Styret i VVIL gratulerer Ottar Orvik frå VVIL som ny leiar i styret for Nordmøre og Romsdal Fotballkrets. Orvik vart valt under kretstinget på Alexsandra Hotell i Molde 19. og 20 februar. I styret får Ottar med seg Ole Bjørn Moen (Eide & Omegn FK) som nestleiar, Eli Fanghol (Ekko/Aurosen IL), Evy Austad (Sunndal IL), John Hammerås (Kristiansund FK) og Svein Aure (Ekko/Aurosen IL). Her er ein kort rapport om det andre som skjedde på tinget:


Jan Roar Saltvik, tilsett i NFF som spelarutviklar var invitert av kretstinget for å snakke om breiddefotball og spelarutvikling. Hans råd til framtidige trenarar på knøttenivå og oppover var:

 

1) Vere stabil over tid

2) Bidra til godt humør og kammeratskap

3) artige treningar med mykje spel med lite "kø" og til slutt

4) vere "seriøs og ordentleg"

 

Stig Nergård (Sunndal IL og medlem i breddekomiteen i NFF) kom i sitt innlegg på tinget inn på at breiddefotballen i Norge innan 5-6 år vil endre seg radikalt. Større krav til kompetanse i alle ledd, frå trenar til leiarar, vil bli eit satsingsområde for NFF, som vil vektlegge at fotballen har eit samfunnsansvar i sine nærmiljø.

 

Kretstinget, som i år var representert med 40 stemmeberettiga frå 26 klubbar, fekk ein gjennomgang av årsberetning og regnskap samt budsjett for 2010. Kretstinget slutta seg enstemmig til revisor og kontrollkomiteen si godkjenning av regnskap. Alle innkomne forslag vart vedtatt samrøystes. Forslaget om innføring av 6. divisjon menn frå 2011 vart trekt av kretsstyret som var forslagsstillar.

Dette skriv fotballkretsen om tinget>>

Kai Magne Stokkeland og Alexander Connor representerte Vestnes Varfjell på kretstinget.