Vegard Ellingseter og Svein Erik Lange Male
Ellingseter (tv)
Vegard Ellingseter skåra eitt av måla då Fiksdal & Rekdal slo Tomrefjord 4-2 i ein treningskamp søndag. Lokalavisene skreiv onsdag at han skal spele for Fiksl/Rek denne sesongen, men nokon overgang er ikkje klar, skriv spelaren sjølv i ei melding har på varfjell.no (sjå under). Midtbanespelaren studerer i Trondheim og fekk dermed med seg berre delar av haustsesongen for Vestnes Varfjell. Asgeir Karlsen skal vere på veg til Fiksdal/Rekdal etter at Vestnes Varfjell 2 ikkje stiller lag denne sesongen.

Fiksdal/Rekdal har også fått eit par nye spelarar til, mellom andre Thomas Marken frå Tomrefjord.

Kjelder: Bygdebladet og Vestnesavisa