Går det som Tomrefjord-trenar Cato Andreassen håper, kan det blir lokaloppgjer i Vestnes igjen neste sesong. - Vi reknar oss som eit av to-tre lag som vil vere med i kampen om opprykk. Eide og Bryn vil truleg vere dei laga vi må kjempe med, seier den tidlegare Vestnes Varfjell-spelaren til Bygdebladet. Han er fornøgd med treningskampane i vinter og tilgangen på nye spelarar. Mats Inge Skorgenes (Stranda), Allan Hansen (Dahle) (som spelte for Vestnes Varfjell i treningskamp mot nettopp Tomrefjord) og Erlend Søberg er tilbake, medan Trym Malonos kjem frå Molde.
Eidsvåg imponerte ved å halde Averøykameratene til 1-1 etter ekstraomgangar på bortebane i cupkvalifiseringa. Sjølv om det vart tap på straffesparkkonkurranse, er det optimisme i laget som vart nummer to i 4. divisjon i fjor. - Målet er opprykk, seier Erlend Kåre Stubø til avisa Driva. Han fortel at laget har mista fire spelarar sidan i fjor, men har fått inn seks nye. Han held Surnadal, Kristiansund og Elnesvågen som dei hardaste utfordrarane.