Måndalen og Molde 3 blir mellom motstandarane i 5. divisjon neste sesong.

Vestnes Varfjell rykka ned for første gong sidan 2009, men det har ikkje vore lett å ha oversikt over kva lag klubben skal møte i 5. divisjon neste år.

Etter at både Surnadal og Kristiansund BK 2 måtte ta vegen ned frå 3. divisjon, har dette ført til stort nedrykk frå alle dei lokale fotballseriane. Normalt ville de bety 2-3 lag ned frå 4. divisjon og 3-4 lag ned frå 5. divisjon, avhengig av om vinnaren av 4. divisjon Nordmøre og Romsdal vann i kvaliken mot Sunnmøre.

No skjedde det at Træff 2 trekte seg frå heile kvaliken, slik at Herd fekk opprykket på walkover. Midsund, som vart nummer to i Nordmøre og Romsdal, kunne etter reglane ikkje overta plassen. Det kunne derimot Herd, som vart nummer to bak Stordal/Ørskog som ikkje kan rykke opp fordi det er eit samarbeidslag. Dermed vart Vestnes-trioen trenar Alexander Connor og spelarane Oliver Connor Søreng og Simon Kjørvik snytt for sjansen for spel på høgare nivå. Connor Søreng kan trøste seg med at han vart kretsmeister både på Sunnmøre og i Nordmøre og Romsdal! Han spelte vårsesongen for Stordal/Ørskog før han bytta til Træff 2 på hausten. Romsdals Budstikke har laga reportasje om dette.

Uansett: at Træff 2 ikkje rykka opp, gjer også at Malmefjorden må ta vegen ned i 5. divisjon. Frå 4. divisjon var Frei alt nedrykka etter at dei trekte laget, men dei skal no ta plass i 6. divisjon etter det me får opplyst. (Oppdatering: Tidens Krav skriv at Nordlandet og Frei inngår samarbeid, som mellom anna omfattar seniorlaga i 5. og 6. divisjon. Dei skriv også at Kårvåg/Havørn og AK er i gang med å slå klubbane saman frå 2027-sesongen, der ein del spelarar alt har meldt overgang frå Kårvåg til AK slik at dei kan spele på begge lag)

Også i kvalifiseringa frå 6. divisjon ser det ut til å bli endring frå normalen. Her vann Bud/Bryn og Grøa framfor Skåla/Langfjorden i kampen om to opprykksplassar, men i Driva signaliserer Grøa at dei i staden tar bota og spelar vidare i 6. divisjon. Dermed rykker berre eitt lag opp og Måndalen bergar med det plassen i 5. divisjon.

Det skulle gje desse ti laga i 5. divisjon Nordmøre og Romsdal i 2026:

Vestnes Varfjell

Malmefjorden

Molde 3

Batnfjord

Hjelset-Kleive

Frei/Nordlandet

Dahle 2

Kårvåg/Havørn/AK 2

Måndalen

Bud/Bryn

 

Smøla/Aure rykker opp til 4. divisjon. Ned til 6. divisjon rykker Tomrefjord og Rival, men mykje kan sikkert skje innan påmeldingsfristen i februar.