Svein Erik Lange Male slepp å sone for det raude kortet han pådrog seg etter kampslutt mot Midsund fredag. Også Midsunds Emil Sjøvik vart utvist og sto dermed i fare for å måtte stå over eventuelle kvalifiseringskampar for 3. divisjon.

No har kretsen latt nåde gå for rett etter situasjonen som oppsto fordi det vart oppfatta at dommaren blåste av for tidleg. Stadionuret viste berre 88 minutt, men det skuldast ein teknisk svikt. Speaker Pål Magne Bjørdalsbakke var raskt ute på bana for å forklare, men då hadde dommaren alt rukke å vise to raude kort. Midsund skulle ha fått innvilga at kampen kunne blåsast av på 90 minutt om den var avgjort, noko den sjølsagt ikkje var så lenge det berre sto 0-1.

Lange Male var ein av dei som reagerte spontant då dommaren blåste av. Veteranen var flytta opp som spiss i denne kampen og kunne tenkt seg sjansen til å putte på ei skåring på slutten. No slepp han i alle fall å sone i første seriekamp i 5. divisjon neste sesong.