
Trond Klokset
- Eg er glad i fotball og vil gjerne vere aktivt med og utvikle klubben vidare. Vestnes Varfjell er ein veldriven organisasjon, som også legg ned ein stor innsats i barneidretten, legg han til.
Connor er ferdig utdanna lærer no i vår, og seier han vonar å få seg jobb i nærleiken. Fotball vil han halde på med, sjølv om han slit med eit kne etter ei landslagssamling i Porsgrunn frå 1999.
Trener Alexaner Connor seier dette om sin nye spelar etter kampen mot Måndalen:
- Trond sette fart på høgrekanten vår då han kom inn etter pause. Han blir ei viktig forsterking for oss utover sesongen, og medverka også til den siste scoringa, seier Connor til Bygdebladet.