Vestnes Varfjell-spelar Tommy Kanishi Andreassen er intervjua i "sportsprofilen" i Bygdebladet onsdag. Her blir han mellom anna spurt om dei komande kvalifiseringskampane mot Malmefjorden/Ekko/Aureosen. - Eg har tru på at vi skal halde plassen. Men det blir ikkje lett, og vi må prestere opp mot vårt beste. M/E/A har ikkje tapt meir enn ein kamp i år, minner han om. Han snakkar også om fotballkarriera så langt sidan oppstarten som lilleputt i Tresfjord til høgdepunkt med opprykk og spel i 2. divisjon med Brattvåg. Han fortel også at speidar Jan Fuglseth oppdaga han i ein G16-kamp mot Molde der han skulle følge Magnus Wolff Eikrem. Det kunne ha resultert i eit treningsopphald med Herenveen i Nederland. - Sjølv fekk eg ikkje vite om det før seinare, og eg har skjønt at familien meinte eg var for ung til å reise ut, seier Tommy til avisa. Eit treningspphald med Hødd vart stoppa av vonde anklar. Avisa kan bli lasta ned her mot betaling.
Kanishi: - Spelar i 4. divisjon også neste år!
- Detaljer
- Skrevet av: Nettredaksjonen
- Kategori: Nyheter