Vestnes Varfjell var i leiinga 3-1, men tapte til slutt 3-4 borte mot samarbeidslaget Malmefjorden /Ekko/Aureosen i første kamp om retten til å spele i neste års 4. divisjon. Dermed må laget vinne med minst eitt mål i returkampen på Vestnes laurdag klokka 16. To angrepsvillige lag hadde kvar sin omgang på Ekkobanen. KAMPEN VART SENDT DIREKTE PÅ FACEBOOK HER (2. omgang her)
Heimelaget starta kampen i regnbygene på Jendem med to halvsjansar før Vestnes Varfjell tok over anført av ein god Vegar Skare på midtbana. 20 minutt var spelt då ein av heimelagets spelarar handsa innafor 16-meteren. Elling Olafsen sette straffesparket kontant i mål.
Malmefjorden/Ekko/Aureosen var farleg når dei sette fart framover, og ti minutt etter kom Erlend Holmen seg forbi Varfjell-forsvaret. Skotet frå spiss vinkel gjekk i mål via stolpen.
Så var det klart for kveldens høgdepunkt. Vegar Skare trekte seg fri frå rundt 25 meter og klinte ballen heilt opp i krysset. Mindre enn ti minutt seinare ville Tommy Kanishi Andreassen ikkje vere dårlegare då han han skar innover og plasserte ballen ved stolpen til leiing 3-1. I mellomtida hadde Sivert Nerheim ein stor sjanse der avslutninga gjekk i nettveggen.
No såg det svært lyst ut for Vestnes Varfjell som burde ha som mål å halde leiinga til pause. Det gjekk ikkje, for rett før kvilen slapp keeper eit innlegg. Ballen vart først redda på strek før reduseringa sat i mål til pauseresulat 2-3.
Målet gav heimelaget trua og dei gjekk hardt ut etter pause, men Vestnes Varfjell-forsvaret og målvakt Adrian Gabrielsen rydda opp det som kom. 65 minutt vart spelt då Tommy Kanishi kom igjennom, men dessverre gjekk avslutninga i stolpen og utanfor. Så var Justin Sætre igjennom, men keeper fekk blokkert.
Utlikninga kom med ein liten havltime att å spele. Eit framspel i bakrommet vart ekspedert kontant i mål. Så trudde alle at Sætre hadde sendt Vestnes Varfjell tilbake i leiinga. Skotet gjekk i mål, men dommar Terje Sorthe annullerte etter å ha snakka med sin assistentdommar som meinte ein Vestnes Varfjell-spelar hadde stått i offside framom mål. I staden gjekk heimelaget i leiinga for første gong i kampen då dei heada i mål på ein corner. Erlend Holmen vart tremålsskårar. Vestnes Varfjell prøvde seg på ein liten sluttspurt, men pumping av lange ballar fromover gav ikkje uttelling.
Konklusjon: Malmefjorden/Ekko/Aureosen var eit fysisk tøft lag med raske angriparar. Det er ikkje tilfeldig at dei berre har tapt ein kamp i heile sesongen i 5. divisjon. Det skal likevel ikkje vere umogleg å ta att eittmålsleiinga til laget frå Fræna og Aukra. Nirut Mjøs er venta tilbake, medan det framleis er usikkert med strekkskaden til storskårar Amund Stavem. Trond Klokset vikarierte igjen i midtforsvaret og blir ein viktig mann også laurdag med si rutine. Elles debuterte Sondre Adrian Tomren på A-laget då han kom inn for trenar Alexander Connor. Sondre er yngre bror av Simon på Brattvåg og gjorde sine saker bra dei minutta han fekk spele.
Kampfakta:
Malmefjorden /Ekko/Aureosen - Vestnes Varfjell 4-3 (2-3)
Kvailfisering for 4. divisjon, første kamp
Ekkobanen, 75 tilskuarar
Onsdag 26. oktober 2016 kl 19
Mål:
0-1 (21) Elling Olafsen, straffespark
1-1 (31) Erlend Holmen
1-2 (32) Vegar Skare
1-3 (38) Tommy Kanishi Andreassen
2-3 (45) Holmen
3-3 (65) Mathias Hollen
4-3 (75) Holmen
Dommar: Terje Sorthe, Hjelset-Kleive
Gult kort: Sivert Nerheim og Justin Sætre, to til Malmefjorden/Ekko/Aureosen
Vestnes Varfjell (4-3-3): Adrian Gabrielsen; Yngve Solevågseide (Adrian Liabø 80.), Svein Erik Lange Male, Trond Klokset, Magnus Nerheim - Alexander Connor (Sondre Adrian Tomren 85.), Vegar Skare, Sivert Nerheim - Justin Sætre, Elling Olafsen, Tommy Kanishi Andreassen