Vestnes Varfjell G19 avslutta ein flott sesong med å vinne 5-3 borte mot Elnesvågen i kveld. Mål av Nikolai Nyheim 3, Ole-Gunnar Kjærstad og Ole Håkon Heen Lien. Laget missa i tillegg på to straffespark. Det var klart alt før kampen at laget ville ende på ein 5. plass i juniorserien. Sesongen har vist at avstanden opp til dei beste laga ikkje er avskrekkande.