Den utsatte kampen mellom Åndalsnes og Træff 2 blir ikkje spelt, og ÅIF er tildelt seieren 3-0. Kampen vart utsatt i siste serierunde grunna det tragiske dødsfallet til Træff-spelar Mats Amundsgård, og ÅIF skriv på sine heimesider at Træff ikkje ønsker å spele kampen av denne grunn. Kampen hadde heller ikkje betydning for tabellen, der Træff 2 for lengst er seriemeister og rykker opp i 3. divisjon. Dermed er også sluttabellen i 4. divisjon klar. Elnesvågen 2 rykker ned i 5. divisjon. Surnadal kjem ned frå 3. divisjon og Clausenengen opp frå 5. divisjon. Neste års 4. divisjon ser dermed slik ut:
Surnadal
Eidsvåg
Kristiansund FK
Åndalsnes
Molde 3
Kvass/Ulvungen
Vestnes Varfjell
Frei
Dahle
Midsund
Tingvoll
Clausenengen