Orvik og Stokkeland måler opp området der det er planlagt kunstgras og hall.
Ifølge Bygdebladet har Tomra Maskin levert eit tilbod til Vestnes kommune om ombygging frå isbane til kunstgras. Denne delen av utbygginga vil koste 170.000 kroner. Det er Vestnes kommune som står som utbyggar i idrettsparken. På den måten sparer idrettslaget momskostnader.
Den nye bana, som blir ei 7-arbane, blir liggande bak det søndre målet, mellom hovudbana og Hellandheimenbana. Det er vidare planar om å sette opp ein treningshall over bana.