Bygdebladet har snakka med tre av dei fire spelarane frå Vestnes som får æren av å spele på kretslaget som skal møte Molde til treningskamp laurdag. Tommy Kanishi Andreassen har spelt mot Molde før, i cupen for Brattvåg i 2015. - Dessverre gjorde regn og vind den gongen at det var lit som minte om fotball. Men eg fekk også vere med å slå ut AaFK av cupen i fjor, likeins Hødd. Så eg har fått kjenne litt på nivået. Sidan dette er tidleg i oppkøyringa, trur eg nivåforskjellen er mindre enn om det hadde vore midt i sesongen. Ulempen kan vere at kretslagsspelarane ikkje kjenner kvardandre så veldig godt, seier Kanishi til avisa. Kampen har avspark kl 13 på Aker stadion og blir også streama på nett-tv for abonnentar av Romsdals Budstikke.
Gler seg til å møte Molde-stjernene
- Detaljer
- Skrevet av: Nettredaksjonen
- Kategori: Nyheter