Nordmøre og Romsdal kretslag, beståande stort sett av spelarar frå 4. divisjon, tapte 1-5 i treningskampen mot Molde FK laurdag. Dei to Vestnes Varfjell-spelarane som var tatt ut, fekk spele ein omgang kvar. Amund Stavem starta i ein litt uvant posisjon på venstrekanten, og kom meir til sin rett då han bytta side. Då varta han opp med eit par tekniske finesser og nokre gode avleveringar.

Tommy Kanishi Andreassen spelte på venstrekanten i andre omgang. Han kom på eit par raid i starten, men vart etter kvart mindre involvert etter kvart som kretslaget var pressa stadig lengre bak på bana. Jan Roger Angvik, KFK, reduserte for kretslaget. Tomrefjord-målvakt Eirik Taklo redda straffespark, medan lagkamerat Yngve Eik viste mykje bra på sin backplass. Også dei to tomrefjordingane spelte ein omgang kvar. Mykje folk såg kampen på Aker stadion, ikkje minst hadde ein stor delegasjon tatt turen over fjorden (bildet)