Fire lag frå 4. divisjon får spele NM-kvalifisering i år. Det siste laget som fekk plass var Kristiansund FK som endte heilt nede på 5. plass, tre poeng og betre målforskjell føre Vestnes Varfjell. Det betyr at ein seier og ein uavgjort til i fjor ville gitt cup-deltaking i år. KBK 2 og MFK 3 plasserte seg høgare enn lag som er med, men kan ikkje delta i NM. Frå 4. divisjon deltek også Åndalsnes i tillegg til Eidsvåg og Midsund som kom ned frå 4. divisjon. Totalt får 12 lag frå Nordmøre og Romsdal sjansen i årets cup, melder fotballkretsen.
Ein seier og ein uavgjort unna NM-kvalik
- Detaljer
- Skrevet av: nettredaksjonen
- Kategori: Nyheter