Romsdals Budstikke oppsummerer i dag trenarsituasjonen i tre av klubbane i 4. divisjon. Åndalsnes og Eidsvåg var ei stund usikre på om dei klarte å stille lag, men no er på plass. I ÅIF gjer mellom anna Erik Brekken comeback både som trenar og spelar. Han får med seg tidlegare Måndalen-trenar Per Atle Lie, Tommy Unhjem og MFKs keepertrenar Per Magne Misund. I Eidsvåg blir Arnt Erik Brakstad spelande trenar saman med Werner Listaul. Bjarne Stormyr gir seg som trenar i Midsund og blir erstatta av John Arne Øien. Den notoriske målskåraren seier til avisa at han håper å berre vere trenar i år. Midsund har mista Even Heggdal til Brattvåg, men Øien seier til avisa at dei har håp om å låne han tilbake medan han er opptatt av husbygging i heimkommunen.
4. divisjon: Trenarar klare i tre klubbar
- Detaljer
- Skrevet av: nettredaksjonen
- Kategori: Nyheter