Alexander Connor har i vinter lufta tanken om avløysing, men det er no klart at han går på ein ny sesong som trenar for A-laget til Vestnes Varfjell. Dette blir hans 10. sesong som hovedtrenar. Med seg som assistenttrenar får han Knut Øyvind Hoem, som også er leiar av fotballgruppa. Helge Liabø held fram som oppmann. Til Bygdebladet seier Connor at målet er å halde fram oppturen laget avslutta fjorårets sesong med, men at det blir ei tøffare avdeling i år. - Vi har ein ung spelarstall som sleit tidleg i sesongen, men etter kvart som dei fekk speletid og vart vant med nivået, hveda laget seg betre og betre, seier Connor til avisa. Hovudmålet for 2015 blir å vidareutvikle dei unge spelarane. Om 4. divisjon 2015 seier han:

 

 

 

- Med tre lag som Averøykameratene, Sunndal og Træff 2 ned frå tredjedivisjon, blir nivået i årets fjerdedivisjon truleg høgare enn i fjor. Det blir ein god arena for spelarutvikling. Vi har ein litt tynn, men likevel jamn og god stall. Målet er i første omgang å halde seg i divisjonen.

Connor er også trenar for eit gutelag, og legg til at det gror godt i yngre rekker, men at klubben slit på anleggssida. Nytt klubbhus og fotballhall står øvst på ønskelista.

- Her ligg vi etter nabokommunane. Haram har til og med to hallar, seier Connor.