Laga i 4. divisjon er i full gang med sesongoppkøyringa. Åndalsnes har funne Tommy Unhjem sin erstattar. Rune Skeide (40) blir ny trenar på Øran (bildet). Han har erfaring som trenar frå ungdomsfotballen i danske Brøndby, melder klubben på sine nettsider. 2. divisjonsklubben Træff har henta spelarar frå 4. divisjon. Både Simen Tangen frå Midsund og Einar Olav Brakstad frå Eidsvåg er klare for 2.-divisjonsklubben, skriv Romsdals Budstikke. Elnesvågen melder på sin twitterkonto at heile ni nye spelarar har vore på trening i vinter. Peter Berg Hestad er på veg tilbake etter skade medan Jannik Weum (ex Molde, Træff, Rødde etc) og Erlend Holmen (ex Malmefjorden) er nysigneringar." Mye spennende som skjer i Elnesvågen nå. Opprykk er målet og flere spillere er på vei inn", skriv klubben på Twitter. Dahle har også mange nye fjes i stallen, men også veteranar som Jøran Sandøy tek ein ny sesong, skriv klubben på sine nettsider. Rune Hoem er tilbake som hovudtrenar for bydelsklubben i Kristiansund. Nyopprykka Eide melder på Twitter at dei har sikra seg målvakta Bernt Gunnar Visnes frå divisjonskollega AK.
4. divisjon: Trenarløysing og spelarovergangar
- Detaljer
- Skrevet av: nettredaksjonen
- Kategori: Nyheter