Vestnes Varfjell dominerte stort i ein omgang i bortekampen mot Åndalsnes, men makta ikkje å skåre. Heimelaget kjempa seg inn i kampen i andre omgang og avgjorde med to skåringar på tampen. Dermed vart Vestnes Varfjell utan poeng i ein kamp dei definitivt burde punktert tidleg. Første omgang såg ut som resultatet av folkeavstemminga; klart fleirtal for Vestnes og lite til Rauma. Dessverre var det også ein del "blankt", presisjonen i avgjerande trekk var ikkje nøyaktig nok og det vart med ei rekke nestenforsøk.  Elling Olafsen var nesten igjennom, Amund Stavem hadde godt skotforsøk og Svein Erik Lange Male var farleg på heading etter corner. Åndalsnes var knapt over midtstreken dei første 45 minutta.

Dessverre vart ikkje kampbildet det same då laga kom ut til andre omgang. Åndalsnes hadde no fått vinden i ryggen og yppa seg plutseleg framføre Vestnes Varfjell-målet. Adrian Gabrielsen hadde ei fin paraderedning og eit innlegg hamna oppå tverrliggaren. Vestnes Varfjell hadde også sine sjansar, Elling Olafsen fekk eit forsøk blokkert til corner, medan innbyttar Juan Larsen var akkurat for sein på eit fint gjennomspel.

Då kampen såg ut til å ende utan mål, var det heimelaget som hadde mest å spurte med. Åndalsnesingane sprang bokstavleg talt til dei måtte bærast av bana med krampe. Vestnes Varfjell-laget verka sluttkjørt tidleg og ÅIF-utnytta det temposvake gjesteforsvaret med lange ballar framover. Ti minutt før slutt sat 1-0 i nota. Frå spiss vinkel gjekk ballen forbi målvakt Lars Håvard Heen Lien som hadde overtatt keeperhanskane etter at Gabrielsen måtte ut med skade. Heen Lien sto i mål for Åndalsnes så seint som i fjor.

Vestnes Varfjell prøvde å pumpe ballen framover i eit forsøk på å utlikne, men fekk i staden ein ny baklengs i fleisen på overtid då ÅIF utnytta ein retur etter ein corner. Før det hadde dei også ein god sjanse som Heen Lien redda.

Tap og null poeng føltes bittert og unødvendig mot eit lag Vestnes Varfjell bør ha ombisjonar om ha bak seg på tabellen. Samtidig er fotball ofte slik at den som vil mest får si belønning til slutt, og om ein tel sjansar var det kanskje ikkje noko å seie på at heimelaget vann.

På ein tung kveld der veteranane i laget svikta, var det igjen godt å sjå at det kjem nytt talent opp. Gutespelerane Jardar Sylte og Jarle Løvik Salte (debut) gjorde fine innhopp i andre omgang.

PS: Vestnes Varfjell-benken reagerte kraftig og ville ha raudt kort då ein ÅIF-spelar la Amund Stavem i bakken som hemn på ein obstruksjon på stillinga 0-0 ti minutt før slutt. Dommar Terje Sorthe let vere på gje kort til nokon av kamphanene.

No ventar ny vanskeleg bortekamp for Vestnes Varfjell, mot Sunndal kristi himmelfartsdag før møte med KBK 2 heime og den utsette kampen mot Tomrefjord (truelg 16. mai).

 

Kampfakta:

Åndalsnes - Vestnes Varfjell 2-0 (0-0)

Øran stadion, 55 tilskuarar (3 Vestnes)

Seriekamp, 4. divisjon Nordmøre/Romsdal

Mål:

1-0 (85)

2-0 (90)

Ingen kort

Dommar: Terje Sorthe, Hjelset-Kleive

Vestnes Varfjell (4-3-3): Adrian Gabrielsen (Lars Håvard Heen Lien 81), Sander Valde, Svein Erik Lange Male, Yngve Solevågseide, Adrian Liabø (Jardar Syltr 75) - Vegard Ellingseter, Christian Mario Leikarnes (Jarle Løvik Salte 78) Sivert Nerheim - Amund Stavem, Elling Olafsen, Azim Ahmadi (Juan Rikard Larsen 46.)