To mål av Ole Gunnar Kjærstad og eitt av Elling Olafsen, alle etter pause, sikra seieren 3-1 heime mot Tingvoll fredag kveld. Vestnes Varfjell leverte ein svak førsteomgang, og gjestane frå Nordmøre leia fortent til pause. Heimelaget kom på bana heiltente etter pause og lukkast med å snu kampen i sin favør. Vestnes Varfjell-trenar Alexander Connor var glad for poenga, men likte ikkje det han såg i første omgang. Då såg det ut som enkelte trudde dette skulle bli lett match, og kom aldri igang med spelet mot eit meir aggressivt Tingvoll-lag. - Men eg er fornøgd med måten spelarane responderte på etter pause, sa Connor etter kampen. Videoar i VarfjellTV: 1-1 Kjærstad | 2-1 Kjærstad | 3-1 Olafsen
Tingvoll tok leiinga midtvegs i første omgang etter at Sverre Hafskjær vart spelt igjennom og kom aleine med Thomas Brastad i Varfjell-målet. Då hadde gjestane alt yppa seg fleire gongar, medan Vestnes Varfjell sleit med å få sving på sitt spel. Eit skot like over frå Tommy Kanishi Andreassen rett før pause var det einaste vi noterte som ein halvsjanse for heimelaget før pause.
Trenar Connor gav klar beskjed i pausen om at han ikkje var fornøgd, og omdisponerte også på laget. Mellom anna vart Yngve Solevågseide flytta fram på midtbanen. Heimelaget tok tak frå starten av andre omgang og fekk uttelling alt etter tre minutt. Tommy Kanishi Andreassen gjorde forarbeidet då han fann Ole Gunnar Kjærstad framom målet og dermed 1-1. Etterpå hadde Vegar Skare og Magnus Nerheim store sjansar til å gje vertane leiinga, men etter eit flott angrep midtvegs i omgangen kom målet. Igjen var Kanishi regissør, Kjærstad kom på perfekt løp og sendte heimelaget i leiinga med sitt andre mål for kvelden. Same mann var tilrettlegger på 3-1 kvarteret før slutt. Elling Olafsen fekk æren av å avslutte.
Dermed endte det med tre poeng til eit heimelag som håpar å avslutte sesongen på opptur og kanskje ha håp om å få spele NM-kvalifisering til våren.
Dei tre som var sentrale rundt skåringane var også dei beste etter vår meining. God dommar var Henning Sunde frå Molde FK. Høyrt på tribuna: "Dommaren er banens beste" (Bernt Hulsker)
Tore Akselsen kom innpå som innbyttar på overtid. Han har vore skadd sidan seriestarten, og hadde også eit lite innhopp mot Molde 3 (takk for opplysninger i kommentarfeltet :)
Måndag blir den utsette bortekampen mot Kvass/Ulvungen spelt.
Kampfakta:
Vestnes Varfjell - Tingvoll 3-1 (0-1)
4. divisjon Nordmøre/Romsdal
Vestnes idrettspark, 50 tilskuarar
Fredag 20. september 2013 kl 19
Mål:
0-1 (24) Sverre Hafskjær
1-1 (48) Ole Gunnar Kjærstad
2-1 (64) Kjærstad
3-1 (72) Elling Olafsen
Dommar: Henning Sunde, Molde
Gult kort: Marius Wæge Nielsen (53) og Øystein Husøy (80), begge Tingvoll
Vestnes Varfjell (4-3-3): Thomas André Brastad; Magnus Nerheim, Jo Sigurd Vold, Nirut Mjøs, Yngve Solevågseide - Sivert Nerheim (Justin Sætre 90), Vegar Skare, Elling Olafsen - Ole Gunnar Kjærstad (Jørgen Hovde 75), Kevin Gravdehaug, Tommy Kanishi Andreassen (Tore Akselsen 90)