Ferien er over. I kveld startar jakta på nye seriepoeng i 4. divisjon for Vestnes Varfjell. Gjestar i Vestnes idrettspark i kveld er Kvass/Ulvungen. Laget frå Ålvundfjord og Ålvundeid leverte årsbeste då dei slo Træff 2 3-1 tirsdag. I vårkampen vann Vestnes Varfjell 4-2 i Ålvundfjord, men kampen var jamn lenge. Her får du førehandsinfo om kampen. Møt opp kl 19 og hei heimelaget fram til seier, eller følg med på twitter for oppdateringar.