Vestnes Varfjell låg under 1-2 og sleit lenge mot Kvass/Ulvungen i kveldens kamp i 4. divisjon i Vestnes idrettspark. Elling Olafsen sendte rett nok heimelaget tidleg i føringa, men gjestane frå Nordmøre gjekk til pause med leiing etter to langskot frå Melkild Loe og Ressel. Men i andre omgang var det tydeleg at laget hadde skjønt at ferien var over og ny skåring av Elling Olafsen og eitt kvar av Tore Akselsen og Tommy Kanishi Andreassen sørga for seier 4-2. Meir seinare
Bildegalleri her | Videoar i VarfjellTV
Kampen starta på best tenkeleg vis for heimelaget då Elling Olafsen fekk snudd seg rundt inne i 16-meteren og sette ballen i mål alt etter tre minutt. Spissen fanga opp ein retur frå keeper etter eit skot frå Karl Arne Stokkeland. SJÅ VIDEO
Men så var det slutt på medgangen for eit heimelag som sleit med mange feilpasningar og rufsete forsvarsspel. Gjestane frå Ålvundfjord og Ålvundeid utlikna då Emil Melkild Loe sendte i veg eit langskot som gjekk inn til side for ein feilplassert Alexander Aarø i heimelagets mål. SJÅ VIDEO Ikkje nok med det: Ein forsvarsfeil der ballen glapp av foten til Marius Ulla gav fri veg mot mål for Vegard Ressel og det sto 1-2. SJÅ VIDEO Vestnes Varfjell skjerpa seg litt mot slutten av omgangen og kom til nokre sjansar, ikkje minst etter ein serie cornerar.
Pausen må likevel ha gjort godt, for det var eit heimelaget med ein heilt anna innsats og vilje som starta andre omgang. Igjen skåra laget tidleg, denne gongen heada Tore Akselsen i mål etter ein corner perfekt servert av Vegar Skare. SJÅ VIDEO
Så hadde Tommy Kanishi Andreassen ei avslutning like utanfor før ei ny heading etter dødball sendte heimelaget i leiinga. Elling Olafsen stanga ballen i mål etter frispark lagt inn i feltet av Yngve Solevågseide. SJÅ VIDEO
Kaptein Kanishi hadde ein stor sjanse der han runda keeper, men kom for skrått på til å få ballen i mål. Ti minutt før slutt satt den endeleg for kapteinen då eit skot gjekk inn via hanskane til keeper. Yngve Solevågseide var igjen nest sist ved skåringa. SJÅ VIDEO
Kvass/Ulvungen prøvde å sette inn ein sluttspurt, men seieren var ikkje truga. På overtid kontra Vestnes Varfjell då Kvass-keeperen hadde gått fram på ein corner. Dessverre oppfatta ikkje Vestnes Varfjell-angriparane at det berre var ein forsvarar bak ballen i det siste pasning gjekk mot det opne målet, og det vart korrekt avblåsing for offside i staden for skåring.
Me tar ogsp med at veteran og storskårar Ronny Leikarnes kom innpå mot slutten, og var nære på skåring. Først heada han rett på keeper frå god posisjon, før han vart avblåst for offside då han kom seg fri og sette ballen i mål.
Ørjan Tangen sto over grunna overtrakk og kom til kamp på krykker, medan Nirut Mjøs kom i sivil i pausa. Midstopparen har ikkje fått trent i det siste grunna jobbsituasjonen. Heller ikkje Amund Stavem var med.
Alt i alt ingen stor kamp av Vestnes Varfjell, men innsatsen i andre omgang var oppløftande mot ein god motstandar frå indre Nordmøre.
Yngve Solevågseide vart kåra til banas bestemann. Midtbanespelaren sto på gjennom heile kampen og hadde to målgjevande.
Neste kamp er borte mot Molde 3 torsdag.
Kampfakta:
Vestnes Varfjell - Kvass/Ulvungen 4-2 (1-2)
4. divisjon Nordmøre/Romsdal
Fredag 10. august 2012 kl 19
Vestnes idrettspark
80 tilskuarar
Mål:
1-0 (4) Elling Olafsen
1-1 (14) Emil Melkild Moe
1-2 (30) Vegard Ressel
2-2 (54) Tore Akselsen
3-2 (62) Olafsen
4-2 (82) Tommy Kanishi Andreassen
Dommar: Rolf Erik Pedersen, ÅIF
Gult kort: Trond Klokset, Vestnes Varfjell og Harald Grimstad, Kvass/U
Vestnes Varfjell (4-3-3): Alexander Aarø; Per Kristian Os Nakken, Trond Klokset (Svein Erik Lange Male 66.), Marius Ulla, Magnus Nerheim - Vegar Skare, Yngve Solevågseide, Karl Arne Stokkeland (Trond Klokset 79. (Christian Leikarnes 90.)) - Tore Akselsen (Ole Gunnar Kjærstad 87.), Elling Olafsen (Ronny Leikarnes 78.), Tommy Kanishi Andreassen