Daniel Gravdehaug signerte for Alexander Connor og Vestnes Varfjell i vinter, men har no signert for Træff.

Det vart eit kort gjensyn i Varfjell-drakta for Daniel Gravdehaug. Kantspelaren vendte i vinter heim etter spel for Tomrefjord, men alt før sesongen har starta går ferda vidare til Træff. Me ønsker lykke til med spel i 3 divisjon og velkommen tilbake når det skulle bli aktuelt.

 - Eg ønsker å utfordre meg sjølv på eit høgare nivå enn 4. divisjon, seier han til Træff si nettside

Træff serieopna med seier 1-0 mot Bjørkelangen i helga og møter Surnadal i cupen onsdag.

Gravdehaug står med ein seriekamp for Vestnes Varfjell. I Tomrefjord vart det 22 mål på 57 kampar i 4. divisjon.

Han skreiv under overgangspapira med Vestnes Varfjell alt før jul, og har vore med i heile sesongoppkøyringa der han har skåra mange mål i treningskampane.

- Det er sjølvsagt uheldig å miste ein så god spelar rett før seriestart, seier Varfjell-trenar Alexander Connor.