|
fredag 18. mai 2012 |
Nerheim og Ulla. Vestnes Varfjell gjekk på sitt første tap for sesongen då laget møtte Træff 2 på heimebane fredag kveld. Ei skåring av Erik Franzen etter 23 minutt vart avgjerande (sjå video i VarfjellTV). Heimelaget spelte ein svak kamp og tapte fortent. Nirut Mjøs vart kåra til bestemann på eit heimelag som slo mykje langt og ikkje greide å følge opp det fine angrepsspelet som sikra storseier for ei veke sidan. Andre resultat fredag kveld: Midsund - KFK 4-0 og Åndalsnes - Tomrefjord 4-3. Kampfakta:
Kommentér | Legg som favoritt (0) | Vist: 69 | Les mer... |
|
|
fredag 18. mai 2012 |
|
Vestnes Varfjell skal ut ny kamp i 4. divisjon i kveld når laget tar imot Træff 2. Begge lag kjem frå store seierar. Vestnes Varfjell utklassa som kjent Eidsvåg 10-0, medan Træff 2 slo til med 7-2 mot Åndalsnes. Avpark i Vestnes idrettspark er kl 19. Møt fram og hei laget fram til ny seier! Kampfakta finn du her. Tidlegare møter:
Kommentér | Legg som favoritt (2) | Vist: 88 | Les mer... |
|
|
onsdag 16. mai 2012 |
|
Etter at Træff 2 slo ÅIF 7-2 måndag og KBK 2 slo MFK 3 4-2 tirsdag er runde 4 i årets 4. divisjon komplett. Dermed kan me også kåre Geir Åge Sylte til rundevinnar i resultattippinga, to poeng føre Johnny Svensli. Alle tips i runde 4. I samandraget er også Sylte i leiinga, med Dag Nakken på plassen bak. Fredag er det nye kampar og nye poeng å kjempe om.
Kommentér | Legg som favoritt (4) | Vist: 43 | Les mer... |
|
|
mandag 14. mai 2012 |
|
Varfjell.no gratulerer på dagen til Ronny Leikarnes som fyller 40 år i dag. Vikebuktingen har rekorden både i tal på kamper og mål spelt for Vestnes Varfjell. 357 seriekampar og 323 (!) mål har det blitt til no. Spissen har vore skadd så langt denne sesongen, men er forhåpentlegvis snart å sjå i aksjon att på jakt etter nye skåringar.
Kommentér | Legg som favoritt (3) | Vist: 67 | Les mer... |
|
|
søndag 13. mai 2012 |
|
Vestnes Varfjell 2 tapte 2-3 heime mot Hjelset-Kleive i 5. divisjon søndag kveld. Kampen vart spelt i Vestnes idrettspark. Ole-Gunnar Kjærstad (sjå video ) og Tommy Kanishi Andreassen (sjå video ) skåra for heimelaget. Vestnes Varfjell 2 måtte spele lenge med 10 mann etter utvisning av Jørgen Hovde der gjestane også skåra på det påfølgande straffesparket (sjå video ). Fleire videoar i VarfjellTV.
Les trenar Tommy Kanishi sitt referat under:
Kommentarer (3) | Legg som favoritt (5) | Vist: 267 | Les mer... |
|
|
fredag 11. mai 2012 |
Vestnes Varfjell slo til med tosifra seier då laget slo Eidsvåg 10-0 på bortebane fredag. Stillinga var 3-0 ved pause. Amund Stavem vart firemålskårar. Dei andre måla vart sett inn av Tommy Kanishi 2, Tore Akselsen 2, Svein Erik Lange Male og Elling Olafsen. Heimelaget hang med til Vestnes Varfjell sette inn tre mål på rappen midt i første omgang. Også starten på andre var jamn. Eidsvåg hadde også sine sjansar og 10-0 var i overkant mykje. - Eidsvåg gav oss hard kamp lenge, men slutten vart einvegskøyring og mykje variert og fint angrepsspel av oss. Det er ikkje mange lag i divisjon som matchar oss i det offensive repertoaret, sa ein godt fornøgd trenar Alexander Connor etter kampen.
Kommentér | Legg som favoritt (5) | Vist: 394 | Les mer... |
|
|
fredag 11. mai 2012 |
|
Eidsvåg - Vestnes Varfjell 0-10, Tomrefjord - Midsund 1-4 og Kvass/Ulvungen - Rival 2-0. Tabell>>
Kommentér | Legg som favoritt (5) | Vist: 109 | Les mer... |
|
|
torsdag 10. mai 2012 |
|
Vestnes Varfjell møter Eidsvåg borte i 4. divisjon fredag kveld. Heimelaget rykka ned frå 3. divisjon i fjor og kjem frå ein sterk borteseier mot Træff 2. Med andre ord ei hard nøtt på eige gras. Følg kampen via Twitter her. Tidlegare møter:
Kommentér | Legg som favoritt (4) | Vist: 122 | Les mer... |
|
|
torsdag 10. mai 2012 |
Tommy Kanishi vart beste tippar i omgang 3 av resultattippinga her på varfjell.no. I samandraget er det delt leiing mellom Geir Åge Sylte og Dag Nakken. Alle tips i runde 3 | Samanlagtlista
Kommentér | Legg som favoritt (6) | Vist: 63 | Les mer... |
|
|
torsdag 10. mai 2012 |
|
Eit HD-opptak frå 2-2-kampen mot Molde 3 sist fredag ligg no ute i VarfjellTV. Opptaket er i seks deler. Klikk her for å sjå kampen.
Kommentér | Legg som favoritt (5) | Vist: 57 | Les mer... |
|
|
fredag 04. mai 2012 |
Kanishi, Aarø, Male. Vestnes Varfjell spelte uavgjort 2-2 mot Molde 3 i 4. divisjon fredag kveld. Tommy Kanishi Andreassen gav heimelaget leiinga på ei flott kontring (video ) før Molde 3 gjekk opp i 2-1. Svein Erik Lange Male utlikna rett etter pause (video ), og stillinga heldt seg kampen ut. Eit greit resultat. Heimelaget hadde ei viss føring i andre omgang, men mot slutten kunne kampen ha bikka begge vegar. Rundt 100 tilskuarar såg kampen i Vestnes idrettspark. Kampfakta her
Kommentér | Legg som favoritt (8) | Vist: 408 | Les mer... |
|
|
fredag 04. mai 2012 |
|
Vestnes Varfjell tek i mot Molde 3 til det som er eit tidleg toppoppgjer i 4. divisjon. Avpsark i Vestnes idrettspark er klokka 19. Begge lag har vunne sine to første kampar. Foreløpige lagoppstillingar ligg alt ute, og her merkar me oss mellom anna at Peter Berg Hestad, yngre bror av MFKs Daniel, spelar for Molde 3. Han har dei siste sesongane vore sentral for Elnesvågen i 3. divisjon. Heimelaget stiller fulltalling med unntak av Trond Klokset som er bortreist. FØLG KAMPEN HER!
Kommentér | Legg som favoritt (11) | Vist: 221 | Les mer... |
|
|
torsdag 03. mai 2012 |
Vestnes Varfjell 2 tapte 2-4 mot Måndalen på bortebane torsdag kveld. Ole-Gunnar Kjærstad (bildet) skåra begge måla for VVIL 2. Stillinga ved pause var 3-0. Kjærstad reduserte to gongar og skapte spenning før tidlegare Vestnes Varfjell-spelar Justin Sætre avgjorde for heimelaget. Dette var første kamp i årets 5. divisjon for Vestnes Varfjell 2 etter at serieopninga mot Meek var utsett. Spelande oppmann Rolf Dale oppsummerer kampen slik:
Måndalen om kampen>>
Kommentarer (1) | Legg som favoritt (8) | Vist: 259 | Les mer... |
|
|
fredag 04. mai 2012 |
|
Vestnes Varfjell får i første kvartal over 37.000 kroner utbetalt frå grasrotandelen. Dermed er klubben den som mottek mest av alle i Romsdal utanom Molde. I Vestnes er det 10.000 kroner meir enn neste lag. 194 tipparar gir sine 5 prosent av innsatsen til Vestnes Varfjell, men det er rom for fleire! Sjå oversikt for klubben her. Husk å registrere Vestnes Varfjell som din klubb når du leverer tippinga di! SMS: Send "Grasrotandelen 970946705" til 2020 Rbnett har oversikt over alle mottakarar>>
Kommentér | Legg som favoritt (8) | Vist: 78 | Les mer... |
|