Det vart tap 0-7 borte mot Surnadal laurdag i første kamp etter sommarferien. Kampen vart stoppa etter 85 minutt då Ole Håkon Lien vart sendt til sjukehus etter ein alvorleg skadesituasjon. Heldigvis ser alt ut til å ha gått bra. Trenar Alexander Connor takkar alle som hjalp til.
Lien vart liggande på St. Olavs Hospital i Trondheim til overvaking, men søndag føremiddag seier Vestnes Varfjell-trenar Alexander Connor at alt ser ut til å ha gått bra.
Det var under ein løpsduell at Lien fall og slo hovudet.
- Han vart liggande bevisstlaus, truleg med ein hjernerystelse, seier Varfjell-trenaren, som sjølv var ein av dei som gav førstehjelp. Saman med kaptein Svein Erik Lange Male fekk han trekt fram tunga som blokkerte for fri pust.
Lien vakna, kom seg etter kvart på beina og gjekk sjølv i ambulansen. Dommar Kurt Einar Ansnes var samd med trenarane om at det berre var å blåse av kampen som då hadde vore stoppa i 10-12 minutt.
Connor seier det var ei dramatisk oppleving.
- Du rekk ikkje å tenke så mykje når det pågår, men kjenner på det i ettertid. Eg vil takke alle som hjalp til, både då det skjedde og med oppfølging i ettertid. Surnadal bidrog med trenar og støtteapparat og folk frå publikum som kom til, seier Connor.
Om sjølve kampen seier Connor at det vart tøft mot ein god motstandar.
-- Eg hadde håpt på ein jamnare kamp med tanke på at me har vunne dei to siste oppgjera mot dei. Dessverre skåra dei tidleg og fekk kampen inn i sitt spor. Då hadde me lite å stille opp med mot eit så godt lag
Neste helg blir det to nøkkelkampar på rad borte mot laga bak på tabellen, Hjelset-Kleive og Malmefjorden.
- Forhåpentlegvis vil det sjå betre ut på spelarfronten til dei to kampane. Det har vore mange forfall i det siste grunna sjukdom, skade og ferie, seier Connor.
I Owen Connor sitt fråvere vart det debut i mål for G16-keeper Egil Dalhaug.
Laget: 3-5-2/5-3-2 Egil Dalhaug (debut) Magnus Nerheim (Arjan Sylte 60) Magnus Nerheim (75)), Svein Erik Lange Male, (C) Håkon Kjørvik, Lars-Helge Lien, Oliver Søreng (Vegar Skare 35) (Ole Håkon Lien 71) Leo Krogseth, (Didrik Sæter 69) Simon Kjørvik (Airidas Skirgaila 60) Adrian Kosinski, Eirik Tomren