(Midsund - Vestnes Varfjell 0-6) Vestnes Varfjell hang brukbart med til pause, men vart springande etter eit godt Midsund-lag i andre omgang. Dermed vart det til slutt eit klart bortetap i ein kamp der lite fungerte.

Vestnes Varfjell kunne med seier komme a jour med øy-laget, men kampen viste i staden at Midsund har ambisjonar om å klatre oppover på tabellen.

Gjestane vart pressa bakover frå start, men Midsund skaut stort sett rett på keeper eller utanfor. Etter at keeper Owen Connor hadde plukka lett det som kom, var det veldig synd at 1-0 kom på eit skot han burde tatt, men der ballen trilla under han og i mål. Då var akkurat halvtimen passert, og Vestnes Varfjell hadde spelt seg delvis inn i kampen. I staden for utliking sto det 2-0 like før pause, igjen på eit skot frå kloss hald.

Ei heading rett på keeper frå Tor-Bjarne Løvik Salte etter eit frispark på stillinga 0-0 var det næraste Varfjell kom mål i første omgan. Adrian Kosinski prøvde seg også, men vart stoppa akkurat i siste trekk før han nådde Midsund-målet. Høgdepunktet for Vestnes Varfjell  i første omgang var likevel eit stort dribleraid frå Leo Krogseth.

Ronald Tangen var ein konstant trussel og skåra tre mål.

Andre omgang starta med at Adrian Kosinski måtte ut med skade tidleg, og dermed forsvann også det farlegaste angrepsvåpenet. Vestnes Varfjell sleit med å setje saman fleire trekk, og måtte bruke mykje krefter på den store grasbana til å jage heimelagets spelarar som spelte på seg større og større sjølvtillit. Etter kvart kom dei lett igjennom, og i motsetning til første omgang, traff dei no mellom stengene. Ronald Tangen var den store spelaren på Midsund med tre mål, Zakkias Godø 2 og Erlend Blø var dei andre målskårarane.

Unge Dridrik Sæter fekk sin debut frå start, og viser at gror godt. Med mange skadar og andre forfall, var det ein tynn tropp som hadde tatt turen til Midsund denne kvelden. Forhåpentlegvis vil det sjå betre ut alt til helga, då er det nemleg duka for lokaloppgjer mot Tomrefjord heime i Vestnes idrettspark.

KAMPFAKTA:

Midsund - Vestnes Varfjell 6-0 (2-0)

Seriekamp 4. divisjon Nordmøre og Romsdal, fredag 1. september 2023 kl 18.50

Midsund stadion, 100 tilskuarar

Mål:

1-0 (33) Ronald Tangen

2-0 (44) Zakkias Godø

3-0 (56) Erlend Blø

4-0 (66) Zakkias Godø

5-0 (73) Ronald Tangen

6-0 (75) Ronald Tangen

Dommar: Eirik Hyldbakk Furu, Clausenengen. Assistentdommarar: Bjørn Tore Hoseth og Harald Vebenstad, Averøykameratene

Ingen kort

Vestnes Varfjell (3-5-2): Owen Connor: Ørjan Tangen, Tor-Bjarne Løvik Salte, Svein Erik Lange Male (k) - Leo Krogseth, Magnus Nerheim, Didrik Sæter, Lucas Våge (Airidas Skirgaila 57.), Eirik Leao Tomren (Arjan Sylte 67.) -  Elling Olafsen, Adrian Kosinski (Justin Sætre 50.)