(Vestnes Varfjell - Stordal/Ørskog 0-4) Ei veke før alvoret tek til att, fekk Vestnes Varfjell ei fin gjennomkjøring då Stordal/Ørskog gjesta Vestnes idrettspark laurdag.

Gjestane set inn 0-1.

Naboen frå sørsida av Ørskogfjellet ligg på andreplass i 4. divisjon på Sunnmøre. For Vestnes Varfjell har sesongen vorte èin kamp mot nedrykk. Særleg i det offensive delen av spelet var denne skilllnaden synleg.

Stordal/Ørskog skåra to mål i kvar omgang, det siste på straffespark.

Defensivt var det likevel igjen bra av heimelaget, sjølv om det altså glapp fire gongar, 

Vegard Ellingseter spelte sin første kamp sidan i vinter.

Vegard Ellingseter var tilbake med ro og overblikk.  Simon Kjørvik har gått til Træff i ein overgang som vel var avtalt alt før seriestart. 

På eit rutinert heimelag, var det dei unge som inponerte mest. Særleg var Torstein Væge Nekstad frisk med fleire gode oppløp langs høgrekanten.

Det næraste heimelaget kom skåring var ei heading utanfor frå Knut Stian Eik og eit lurt langskot frå Håkon Kjørvik over da Stordal-målvakta sto langt ute.

Ein del spelarar mangla, men dei som var med fekk seg ei fin treningsøkt.

Ole Håkon Heen Lien var litt for tent i sitt innhopp og fekk to gule kort. Dommar og gjestar var sporty og let heimelaget sette innpå ein spelar slik at kampen vart avslutta 11 mot 11.

Etter kampen var det sosial samling på stadion med mat frå klubb-kokk Lars Jørgen Skjegstad.

Godt oppmøte på ein treningskamp midt i ferien. Denne gjengen må sjå Varfjell frå tribuneplass.

Oliver Connor Søreng gjekk til nettopp Stordal før sesongen. Han tolk plass på tribunen saman med ein stor kontingent tidlegare Varfjell-spelarar som no freistar lukka i andre klubbar, Kven blir førstemann tilbake i mørkeblå drakt?

70 tilskodarar såg kampen i fint sommarvêr. 

Neste kamp er borte mot Åndalsnes fredag.

KAMPFAKTA:

Vestnes Varfjell - Stordal / Ørskog 0-4 (0-2)

Treningskamp, laurdag 2. auust 2025 kl 14

Vestnes idrettspark, 70 tilskuarar

Mål:

0-1 (13)

0-2 (20)

0-3 (59)

0-4 (88) , straffespark

Raudt kort (to gule): Ole Håkon Heen Lien, Vestnes Varfjell (76 og 86)

Dommar: Eirik Skar Hurlen, Vestnes Varfjell

Assistentdommarar: Harald Vebenstad, AK og Arild Ødegård FCK

Vestnes Varfjell (5-4-1): Egil Dalhaug, Torstein Væge Nekstad, Svein Erik Lange Male,Kristian Flittie Onstad, Ørjan Tangen, Magnus Nerheim - Leo Krogseth (K), Tommy Kanishi Andreassen, Vegar Skare, Vegard Ellingseter - Jon Areas Venås

Innbytte:

Knut Stian Eik 32. min for Kanishi Andreassen

Sverre Olgar Lindset 41. min  for Nekstad

Ole Håkon Heen Lien 46. min for Onstad

Håkon Kjørvik 57. min for Nerheim

Andreas Hole 61. min for Ellingseter

Nekstad 75. min for Skare 

Nerheim 86. min for Lien

 

DSC_5898
DSC_5898
DSC_5899
DSC_5899
DSC_5900
DSC_5900
DSC_5901
DSC_5901
DSC_5902
DSC_5902
DSC_5903
DSC_5903
DSC_5904
DSC_5904
DSC_5905
DSC_5905
DSC_5906
DSC_5906
DSC_5907
DSC_5907
DSC_5908
DSC_5908
DSC_5909
DSC_5909
DSC_5910
DSC_5910
DSC_5911
DSC_5911
DSC_5912
DSC_5912
DSC_5913
DSC_5913
DSC_5914
DSC_5914