Vestnes Varfjell tapte til slutt 0-5 heime mot Surnadal søndag. Gjestane var best i det meste i ein kamp der lite stemte for heimelaget. Stillinga ved pause var 0-1. Sander Smevoll 3 og Frikk Talgø skåra måla, medan eit var sjølmål signert Svein Erik Lange Male.
Vestnes Varfjell var litt frampå heilt i starten av kampen, men dei topp-tippa gjestane frå indre Nordmøre tok sakte, men sikkert over i banespelet. Veldig mange klare sjansar var det likevel ikkje skapt i første omgang, Sander Smevoll sin fulltreffar etter eit kvarter vart omgangens einaste skåring. Skotet frå hjørnet av 16-meteren gjekk inn oppe ved tverrliggaren.
Andre omgang starta på verst tenkeleg vis for heimelaget då Svein Erik Lange Male i duell med ein Surnadal-forsvarar var tvugen til å klarere mot eige mål. Ballen gjekk i boge forbi eiga målvakt til 0-2.
Etter dette la heimelaget om formasjonen og sendte kaptein Ørjan Tangen lenger fram på bana. Det resulterte i at heimelaget kom til enkelte nesten-sjansar, men gav samtidig gjestane sjansen til å komme på overgangar. Sander Smevoll takka for fritt spelerom to gognar og skot forbi keeper og i krysset, før Frikk Talgø avslutta til 0-5 frå kloss hald. Surnadal hadde også ballen i mål to gonger til, men assistentdommaren vinka av for offside. Begge såg korrekte ut, i alle fall utan bruk av VAR.
Airidas Skirgaila debuterte i seriekamp for A-laget då han kom innpå som innbyttar. Arjan Elias Furland Sylte var med i troppen for første gong denne sesongen.
Neste kamp er også på heimebane, det er komande fredag når Tomrefjord kjem på besøk til lokaloppgjer.
KAMPFAKTA:
Vestnes Varfjell - Surnadal 0-5 (0-1)
Seriekamp 4. divisjon Nordmøre/Romsdal, søndag 12. september 2021 kl 14
Vestens idrettspark, 75 tilskuarar
Mål:
0-1 (14) Sander Smevoll
0-2 (48) sjølmål (Svein Erik Lange Male)
0-3 (60) Smevoll
0-4 (77) Smevoll
0-5 (79) Frikk Talgø
Dommar: Adrian Bratli, Molde FK
Assistentdommarar: Oliver Bjørsnøs Bakke, Elnesvågen og Magnus Solnørdal, Molde FK
Gult kort: Vegard Ellingseter, Vestnes Varfjell (75)
Vestnes Varfjell (3-4-3): Owen Connor; Håkon Kjørvik, Svein Erik Lange Male - Juan Rikard Larsen (Cédrik Andreassen 46.), Oliver Connor Søreng (Vegard Ellingseter 61.), Vegar Skare, Magnus Nerheim (Airidas Skirgaila 86.) - Tor-Bjarne Løvik Salte (Lars-Helge Lien 68.), Amund Stavem, Eirik Leao Tomren (Juan Rikard Larsen 75.)