Vestnes Varfjell møtte 6.-divisjonslaget Måndalen til treningskamp fredag kveld. Det vart einvegskøyring i Vestnes idrettspark, og heimelaget gav seg ikkje før det sto 9-0. Det sto 4-0 ved pause. Dei to offensive nysigneringane var ikkje med i kveld, men laget har også andre som kan skåre: Elling Olafsen 4, Knut Stian Eik 2, Dag Maier, Juan Larsen og Tor Bjarne Salte noterte seg for mål i kveld.
Oppmann Frode Lien oppsummerer kampen slik: - Ei grei gjennomkøyring, mange bytter og ein fullt fortjent seier.
Måla kom slik:
1-0 Knut Stian, assist Juan 6 min
2-0 Dag assist, Jarle 28 min
3-0 Knut Stian, assist Dag 36 min
4-0 Juan, retur keeper 39 min
5-0 Elling, assist Lars-Helge 51 min
6-0 Tor Bjarne, assist Håkon 62 min
7-0 Elling, assist Lars-Helge 65 min
8-0 Elling, retur ute på 16 meter, skudd i mål, 68 min
9-0 Elling assist Amund 71 min
Laget: Owen Connor: Jarle Løvik Salte (Lars-Helge Lien 46.), Arjan Sylte (Svein Erik Lange Male 46.), Ørjan Tangen (Arjan Sylte 75.), Dag Maier (Håkon Kjørvik 46.) - Vegard Ellingseter (Oliver Connor Søreng 46.), Vegar Skare (Vegard Ellingseter 63.), Tor Bjarne Løvik Salte (Vegar Skare 75.) - Juan Larsen (Amund Stavem 46.), Airidas Skirgaila (Elling Olafsen 46.), Knut Stian Eik (Juan Larsen 63.)