(Vestnes Varfjell - Træff 2 0-5) Vestnes Varfjell fekk ein marereittstart mot Træff 2 og var dermed sjanslause på poeng mot serieleiaren.
Alt før kvarteret var spelt sto det 0-3 i Vestnes idrettspark, til pause auka moldenserane med to til. Træff 2 stilte med målfarlege Markus Lewis og Dino Okanovic på topp og dei noterte seg for to mål kvar.
Dei to første måla kom etter at Varfjell-forsvaret sto for høgt etter å ha vore i angrep, og vart dermed straffa nådelaust då gjestane utnytta bakrommet som oppsto. Dei tre siste måla kom etter skot, to av dei frå langt hald.
Kristian Flittie Onstad var sakna i forsvaret denne gong, han leia i staden laget frå sidelinja. Laget fekk justert seg etter kvart, og andre omgang var mållaus trass i at Træff hadde nokre store sjansar. Mellom anna redda Ørjan Tangen på streken, medan Egil Dalhaug hadde fleire gode redningar. Heimelaget skapte berre halvsjansar. Rudi Samseth heada utfor på ein corner, medan Odd Johan Ludviksen skaut rett på keeper då han kom igjennom.
Med 0-0 etter pause unngjekk laget eit enda større tap, noko laget også har gjort gjennom heile sesongen. Faktisk er det berre dei tre topplaga som har slept inn færre mål enn Vestnes Varfjell i årets 4. divisjon. Dessverre har det også blitt for få skåringar andre vegen ...
Elnesvågen borte er neste kamp.
Alexander Connor returnerte til Vestnes idrettspark for første gong som Træff 2-trenar. På benken hadde han også ein annan tidlegare Varfjell-mann i Magnus Lindset, som også er trenar for Træff G19.
Simon Kjørvik spelte heile kampen for Træff 2. Oliver Connor Søreng, som har bytte ut Stordal/Ørskog med Træff 2 i haust, spelte 77 minutt for gjestane.
KAMPFAKTA
Vestnes Varfjell - Træff 2. lag 0-5 (0-5)
4. divisjon Nordmøre og Romsdal, fredag 19. september 2025 kl 19
Vestnes idrettspark, 75 tilskuarar
Mål:
0-1 (8) Markus Lewis
0-2 (10) Lewis
0-3 (14) Dino Okanovic
0-4 (18) Emils Silseth
0-5 (37) Dino Okanovic
Dommar: Modolf Holm, Isfjorden
Assistentdommarar: Eirik Stenberg, Elnesvågen og Lars Emil Engen Ulleland, Skåla
Gult kort: Knut Stian Eik, Vestnes Varfjell (72)
Vestnes Varfjell (5-4-1): Egil Dalhaug (K); Magnus Nerheim (Ørjan Tangen 33.), Vegard Ellingseter, Svein Erik Lange Male, Håkon Kjørvik, Rudi Talberg Samseth (Ole Alexander Mevik Ulvestad 77.) - Leo Krogseth (Odd Johan Ludviksen 64.), Fredrik Lie, Ole Håkon Heen Lien (Tommy Kanishi Andreassen 80.), Tommy Kanishi Andreassen (William Pedersen Hjelvik 64.) - Knut Stian Eik