Det vart seier 2-1 mot divisjonskollega Åndalsnes i torsdagens treningskamp i Vestnes idrettspark. Alle mål kom i første omgang. Nykommar Adrian Kosinski viste seg fram alt etter fire minutt då han snappa ei laus pasning, kom igjennnom og sette ballen i mål. Gjestane utlikna etter 13 minutt på eit frispark inn i feltet der ÅIF vann andreballen og Eskil Bersås sette ballen i mål etter ei klynge rundt straffemerket. 2-1 kom fem minutt før pause. Kosinski la innlegget som Elling Olafsen sette i mål frå ca fem meter. Neste kamp er om ei veke mot Elnesvågen, også det i Vestnes idrettspark.

 

Laget (4-3-3): Owen Connor (Lars Håvard Heen Lien 45), Dag Maier (Juan Larsen 45) Håkon Kjørvik (Svein Erik Lange Male 60) Vegar Skare, Lars-Helge Lien - Oliver Connor Søreng (Elling Olafsen 75) Tor Bjarne Løvik Salte, Amund Stavem (Arjan Sylte 60) - Adrian Kosinski (Airidas Skirgalia 60), Elling Olafsen (Knut Stian Eik 60) Ole Ragnar Forsland (Jarle Løvik Salte 45)