(Elnesvågen - Vestnes Varfjell 2-0) To mål av tidlegare Vestnes Varfjell-spelar Amund Stavem vart avgjerande då heimelaget tok alle poenga.
Stavem hadde skåra berre ein gong før i år for sin nye klubb, men mot gamle lagkameratar fekk han fulltreff ein gong i kvar omgang. 1-0 sat i nota på eit langskot etter ti minutt, 2-0 kom åtte minutt før slutt på eit skot i hjørnet etter ein corner. På ovetid var han nære å fullføre sitt hat-trick, men ballen strauk utsida av stolpen. Det var uansett nok til å bli kåra til dagens EOIL-gut.
Vestnes Varfjell kom til Elnesvågen med håp om poeng vel vitande om at dei tre siste oppgjera har endt uavgjort eller med seier. Så lenge det berre sto 1-0 lenge, steig håpet om at det kunne dukke opp ein sjanse som kunne gje utlikning. Knut Stian Eik vart jagande mykje aleine på topp. Han kom til ein god sjanse, men det rann ut då det avgjeande trekket skulle gjerast. Nærast var Ole Håkon Heen Lien som heada over på ein corner etter 57 minutt.

Spelande trenar Tommy Kanishi Andreassen var sakna ute på banen, han leia laget frå sidelinja med ein strekkskade han pådrog seg i kamp i 5. divisjon sist helg. Andreassen seier han håper å vere tilbake mot AK neste helg, men at det kanskje kan drøye til dei to siste kampane.
Jo Sigurd Vold gjorde comeback etter overgang frå Vågstranda i haust. Han spelte sist for Vestnes Varfjell i 2012, men har spelt for Måndalen sidan. Med sine 48 (!) år gjorde han ein solid jobb i eit rutinert forsvar der Kristian Flittie Onstad var den andre over 40 år.
KAMPFAKTA
Elnesvågen - Vestnes Varfjell 2-0 (1-0)
4. divisjon Nordmøre og Romsda, fredag 26. september 2025 kl 19
Elnesvågen stadion (gras), 95 tilskuarar
Mål:
1-0 (10) Amund Stavem
2-0 (82) Stavem
Dommar: Terje Sorthe, Hjelset-Kleive
Assistentdommarar: Øystein Lysø, Surnadal og Nathalie Lillevegang Haldorsen, Kårvåg/Havørn
Gult kort: Ole Håkon Heen Lien (45), Kristian Flittie Onstad (71), Vestnes Varfjell. Noah Henøen (39), Aron Listuen (90), Elnesvågen
Vestnes Varfjell (5-4-1): Egil Dalhaug (K); Leo Krogseth (Håkon Kjørvik 84.), Ørjan Tangen, Kristian Flittie Onstad, Jo Sigurd Vold, Rudi Samseth - William Pedersen Hjelvik (John Christian Ludviksen 46.), Vegard Ellingseter (Svein Erik Lange Male 84.), Ole Håkon Heen Lien (Odd Johann Ludviksen 64.), Sverre Lindset - Knut Stian Eik
Nokre bilde frå kampen:






