Tommy Kanishi (i midten) skåra for heimelaget.

(Vestnes Varfjell- HaNo 1-2) Det starta godt, men Vestnes Varfjell tapte til slutt årets første treningskamp.

Tommy Kanishi Andreassen heada inn 1-0 alt etter to minutt etter innlegg frå Vegard Ellingseter. 

Gjestane frå Sunnmøre kom sterkt tilbake og vann det som var ein typisk treningskamp under gode forhold i Vestnes idrettspark. Trenar Odd Hjelvik fekk sjå eit Vestnes Varfjell-lag sto godt defensivt til HaNo utlikna på eit innlegg framom mål rett før pause. 2-1 kom på eit fint skot eit kvarter ut i andre omgang. HaNo, som spelar i 5. divisjon på Sunnmøre etter opprykket i fjor, viste seg som eit godt lag. Dei hadde også dei største sjansane utanom skåringane. For heimelaget vart det mykje feilpasningar og spelarar i uvante posisjonar då kamptroppen var liten.

Det har vore ein trøblete sesongoppkøyring for Vestnes Varfjell der det varte lenge før trenarane kom på plass. Då det endeleg vart avklart har det vore auka optimisme og over 20 mann på trening. Då passar det dårleg at enkelte spelarar ein månad før seriestart signaliserer at dei ikkje ønsker å spele for klubben på heimstaden og heller går for tilbod frå andre klubbar.

Årets stall består av ei fin blanding av gammalt og ungt. I kveld var det friske takter frå unggutane Wiliam Hjelvik og Simon Kjørvik. Kjørvik er endeleg tilbake eter at fjoråret vart øydelagt av sjukdom. Teodor Johansen debuterte, men måtte ut med skade.

William Hjelvik var frisk på kanten.

KAMPFAKTA:

Vestnes Varfjell - Haramsøy & Nordøy 1-2 (1-1)

Treningskamp torsdag 13. mars 2025 kl 18.30

Vestnes idrettspark, 45 tilskuarar

Mål:

1-0 (2) Tommy Kanishi Andreassen

1-1 (40)

1-2 (60)

Dommar: Eirik Furu, FCK

Ingen kort

Vestnes Varfjell (4-3-3): Egil Dalhaug: Simon Kjørvik, Svein Erik Lange Male, Ole Håkon Heen Lien (Ørjan Tangen 46. , Sverre Olgar Lindset - Tor-Bjarne Løvik Salte, Vegar Skare, Vegard Ellingseter -- William Hjelvik, Tommy Kanishi Andreassen (Ole Håkon Heen Lien 73.), Eirik Leao Tomren (Teodor Johansen 46, (Eirik Leao Tomren 60.).