(Vestnes Varfjell - Dahle 3-2) Ein god periode før pause med skåring på alle i angrepstrioen var nok til å berge tre viktige poeng då godt plasserte Dahle gjesta Vestnes idrettspark fredag kveld. Gjestane tok rett nok ei tidleg leiing, men så tok heimelaget over i medvinden. Adrian Kosinski utlikna med eit skot frå skrått hald som gjekk inn via stolperota før Håvard Nyvråten drog seg fri og sendte i veg eit langskot som Dahle-målvakta berre høyrde susen av. Dahle utlika på eit langskot dei også, men dette var heimelagets omgang. Magnus Nerheim fann Elling Olafsen frammom mål rett før pause, og med eit hodestøt sørga spissen for at han framleis er først på den interne toppskårarlista.

 

SJÅ BILDEGALLERI FRÅ KAMPEN HER

 

KAMPEN VART OVERFØRT DIREKTE PÅ RBNETT / TK OG KAN SJÅAST I OPPTAK HER OM DU HAR ABONNEMENT

 

To angrepsvillige lag sørga for fin fredagsunderhaldning for dei rundt 50 som tok turen i det forrykande været eller såg kampen på Rbnett/Tidens Krav. Heimelaget ropte på offside etter det første målet som kom etter ei retur frå keeper, men videoen viser at det truleg var korrekt. Utanom skåringane var det mange sjansar  til begge lag før pause. For Vestnes Varfjell hadde Elling Olafsen eit godt forsøk på eit frispark, men eit bein kom i vegen. Dahle hadde ei avslutning like utanfor.

 

Andre omgang starta med ein god sjanse til Arian Kosinski, men avslutninga frå kloss hald endte rett på keeper. Utover i omgangen hadde både Elling Olafsen, Håvard Nybråten og Tor-Bjarne Løvik Salte gode skotforsøk. Olafsen hadde også ein god sjanse (bildet) der han kjempa seg fri i feltet, men Dahle fekk rydda opp.

 

Dahle styrte spelet mot slutten av andreomgangen i jakta på utlikning, utan at det vart så veldig farleg. Connor redda eit godt forsøk etter 77 minutt. Varfjell vel så farleg på kontringar. Laget forsvarte seg godt og heldt unna til full tid inkludert seks overtidsminutt.

 

Dermed tok laget ein sterk heimeseier og plassen i neste års 4. divisjon er i praksis sikra.

 

KAMPFAKTA

Vestnes Varfjell - Dahle 3-2 (3-2)

Mål:

0-1 (8) Tom Einar Storvik

1-1 (18) Adrian Kosinski

2-1 (22) Håvard Haugli Nybråten

2-2 (37) Sander Bergland Henriksen

3-2 (45) Elling Olafsen

Dommar: Magnus Smørdal, Molde FK. Assistentdommarar: Martin Sørensen Kristiansen, Nordlandet og William Nuncic, Smøla

Gult kort: Mads Brenden, Dahle (59)

Vestnes Varfjell (4-3-3): Owen Connor: Håkon Kjørvik (Cédrik Ronnie Hellström Andreassen 72.), Ørjan Tangen (k), Svein Erik Lange Male, Magnus Nerheim (Lucas Pedersen Våge 50.)) - Tor-Bjarne Løvik Salte, Oliver Connor Søreng, Amund Stavem (Dag Christian Maier 88.) - Adrian Kosinski, Elling Olafsen (Jarle Løvik Salte 90.), Håvard Hagli Nybråten