Vestnes Varfjell fekk straffemål mot seg nesten med ein gong, og kom seg aldri etter det då laget gjesta nabo Tomrefjord 16. mai. Heimelaget kjempa best, var mest effektive og vann fortent. Amund Stavem reduserte heilt på slutten.
- Me gjer det enkelt! oppfordra heimelagets kaptein Erleng Søberg, og det var ein resept som heldt i massevis mot eit tafatt bortelag.
Eit langt framspel til Eirik Taklo etter eitt minutt og 20 sekund vart møtt av ein utrusande Varfjell-keeper Egil Dalhaug. Dommar Eirik Hyldbakk Furu peika på straffemerket etter store protestar frå bortelaget som meinte målvakta var på ballen først. Dommaren sto på sitt etter samtale med sin linjemann, og frå 11-meteren sette nemnde Søberg inn 1-0.
Etter straffeskåringa vart kampen stoppa i ti minutt fordi eine linjemannen måtte ha litt behandling for å komme seg på beina att. Då kampen kom i gang att, var det igjen heimelaget som førte an. Dei var først på ballen, la ikkje noko i mellom i taklingane og prata kvarandre opp.
Det tok ein halvtime før Vestnes Varfjell kom på noko som likna på eit farleg angrep. Då fekk Elling Olafsen tid og rom til å skyte, men ballen gjekk over. Like etter forsøkte kaptein Amund Stavem seg, men keeper redda.
Like eter auka i staden Tomrefjord til 2-0 då Kenneth Eik Frostad kom lett igjennom og så til 3-0 ved Ken Robin Hildre med eit langskot via ein Varfjell-forsvarar. 4-0 rakk Søberg også å sette inn før pause etter eit langt innkast. Bortelaget skjønte nok ikkje kva som hadde treft dei før pause.
Andre omgang vart ikkje like målrik, og i takt med at begge lag gjorde mange bytte jamna spelet seg ut. Tomrefjord auka til 5-0 ved innbyttar Aron Berg Hølgenes tidleg i andre omgang etter ein ny glipp i Varfjell-forsvaret. Først på slutten fekk Vestnes Varfjell eit trøstemål på eit frispark som vart slått mot første stolpe. Anten gjekk frisparket frå Amund Stavem rett inn eller så var det eit sjølmål.
250 tilskuarar hadde møtt fram den varme maikvelden.
Ein brødreduell i kampen var det også: Cédric Ronnie Hellström Andreassen tapte nok den mot lillebror Casper Rolf Hellström Andreassen. Storebror Tommy Kanishi Andreassen var ikkje med for bortelaget og var sterkt sakna i denne kampen.
Neste kamp er heime mot serieleiar Åndalsnes om ei veke.
KAMPFAKTA
- 12 Egil Dalhaug
- 5 Cédric Ronnie Hellström Andreassen
- 15 Lucas Pedersen Våge
- 22 Simon Ødegård Kjørvik
- 23 Svein Erik Lange Male
- 95 Tor-Bjarne Løvik Salte
- 10 Amund Stavem
- 17 Leo Villa Krogseth
- 18 Eirik Leao Tomren
- 7 Elling Furland Olafsen
- 14 Knut Stian Eik
- Inn:
Didrik Selnes Sæter for Leo 46, Noah Johannes Johnsen for Svein 46, Lars-Helge Lien for Lucas 54, Håkon Ødegård Kjørvik for Simon 73, Sverre Olger Lindset for Elling 73, Magnus Nerheim for Eirik 73, Andreas Hannes Lønset for Knut Stian 84.