(Vestnes Varfjell - Eide 1-3) Vestnes Varfjell skapte sjansar til å leie kampen ved pause, men sleit med å få balle i mål. I staden kom gjestane frå Eide sterkt tilbake i andre omgang og tok alle tre poenga.
Dette var kampen der Vestnes Varfjell med seier kunne kom heilt opp i ryggen til Ole Bjørn Sungodts menn i kampen for å overleve i 4. divisjon. Det såg lenge lyst ut også. Heimelaget starta kampen klart best og rulla opp det eine angrepet etter det andre. Store sjansar vart skapt, men mål vart det ikkje.
- Denne kampen kunne vi ikkje tape, og måtte framover på bana. Vi greidde å produsere ein del sjansar, No ser det dessverre vanskeleg ut om vi skal klatre på tabellen, sa spelande trenar Tommy Kanishi Andreassen til Bygdebladet etter kampen.
Jon Venås kom nærme alt etter fire minutt då han kom litt for seint på eit frispark frå Tommy Kanishi. Spissmakker Knut Stian Eik vendte flott opp til seg sjøl etter ti minutt, men keeper var med på notane.
Knut Stian Eik hadde rett nok ballen i mål, men vart avvinka for offside. EIt langt utspark frå Dalhaug gjekk heilt fram til Eik, men dommar konkluderte med offside etter ein samtale med assistentdommaren etter at Venås såvidt hadde tøtsja ballen før den nådde Eik.
Så kom ein gedigen trippelsjanse. Keeper sendte ballen rett i Venås, ballen såg ut til å gå i mål, men Eide fekk redda på straken. Eik sendte returen vidare til Magnus Nerheim som sette ballen utanfor mål. Utruleg nok sto det ikkje 1-0 etter denne situasjonen.
Svein Erik Lange Male var nær ved å ekspedere ballen i mål etter eit innlegg etter 26 minutt, medan omgangen vart avslutta med at Rudi Samseth kom igjennom og avslutta med skot rett på keeper.
Eide, som kom frå 4-1 mot Åndalsnes og har forsterka laget i sommar, kom sterkare i andre omgang. Nordmøringane tok leiinga då dei kriga ballen i mål på ein corner. Noah Johansen, nykommar frå Lofoten, var sist på ballen. Heimelaget måtte framover i jakta på ei utlikning. Igjen vart det berre nesten, og å ei kontring vart ein Eide-spelar felt av Rudi Samseth inne i feltet. Like før hadde same Samseth hatt ein stor sjanse i andre enden. Uansett straffe og 0-2, sjøl om Varfjell-målvakt Egil Dalhaug var nær ved å redde skotet frå Jonas Sunde Gjerde, enda ein ny mann i Eide-laget i haust.
For å gjere ting endå verre, så auka Eide til 3-0 etter nok ei kontring og stikkar i bakrom og Noah Johansen vart tomålsskårar etter 75 minutt.
William Pedersen Hjelvik var endeleg tilbake etter langt skadeavbrekk. Ungguten sette fart på Varfjell-angrepet og skapte fleire store sjansar. Først var han aleine med keeper som gav retur, den sendte Elling Olafsen over.
Like etter sette han keeper på prøve igjen frå kloss hald før han endeleg lukkast minuttet før full tid då han sette ein retur i mål.
Fleire mål vart det dessverre ikkje og dermed ligg heimelaget framleis utsatt til nest sist på tabellen. I tillegg til Eide vann også Malmefjorden sin kamp fredag, slik at situasjonen ser endå mørkare ut. Men det er enno mange poeng å spele om og Varfjell har overraska før mot antatt betre lag.
Vestnes Varfjell har spelefri neste helg sidan Frei trekte laget. Neste kamp er heime mot Alexander Connors Træff 2 19. september.
KAMPFAKTA
Vestnes Varfjell - Eide 1-3 (0-0)
4. divisjon Nordmøre og Romsdal, fredag 5. september 2025 kl 19
Vestnes idrettspark, 100 tilskuarar
Mål:
0-1 (58) Noah Johansen
0-2 (66) Jonas Sunde Gjerde, straffespark
0-3 (75) Noah Johansen
1-3 (90) William Pedersen Hjelvik
Dommar: Trym Haugen Enaasen, Tingvoll
Assistentdommarar: Lars Emil Engen Ulleland, Skåla og Arnt Ivar Dale, Elnesvågen
Gult kort: Fredrik Lie (47), Rudi Samseth (65), Vestnes Varfjell. Tim Svenøy, Eide (89)
Vestnes Varfjell (5-4-2): Egil Dalhaug (K); Rudi Samseth, Vegard Ellingseter, Kristian Flittie Onstad, Svein Erik Lange Male, Magnus Nerheim (Ole Håkon Heen Lien 79.) - Leo Krogseth, Fredrik Lie, Tommy Kanishi Andreassen - Jon Areas Venås (Elling Olafsen 61.), Knut Stian Eik (William Pedersen Hjelvik 71.)
Bildegalleri: